Solfrid Lerbrekk (SV): Meiner statsråden det er eit forsvarleg og sømeleg krav å frata eit menneske mogelegheita til å kunne bli gravid for å kunne motta arbeidsavklaringspengar, og er statsråden villig til å tryggja eit unntak for slike tilfelle?
Begrunnelse
Me kjenner til eit høve med ei kvinne som har fått avslag frå NAV på søknad om AAP fordi ho ikkje tek imot handsaminga for endometriosen ho er plaga av. Handsaminga er enten å setjast i kjemisk overgangsalder eller å fjerne eggstokkar og livmor. Begge desse handsamingane er sterilisering enten kjemisk eller kirurgisk. Denne kvinna er tidleg i trettiåra og ønskjer å få barn. Kvinna kan per i dag bli gravid, men våger ikkje på grunn av dei økonomiske bekymringane NAV sitt AAP avslag gir henne. Her krev altså ein statleg etat at ei kvinne i fruktbar alder skal gjennomføre eit djupt livsendrande og framtidsendrande inngrep som sterilisering.