Solfrid Lerbrekk (SV): Regjeringa er uroa for arbeidslause si manglande vilje til å flytte for å få seg jobb og varslar i den samanheng at NAV i sterkare grad enn før skal ta i frå folk dagpengane sine om dei ikkje flyttar.
Korleis skal reglane i NAV strammas til, og kva veit statsråden om effektane av ein slik oppfordring til NAV, all den tid ho ga NAV liknande oppfordring nokre år tilbake?
Begrunnelse
Anniken Hauglie presenterte ein rapport om arbeidslauses vilje til å flytte for å få seg ny jobb på Politisk kvarter, NRK P2 26.10.2017. Ho uroa seg over at ikkje fleire arbeidsløse er villige til å flytte. No varslar statsråden at NAV oftare enn før skal ta fra folk dagpengane om dei ikkje flyttar. Både Hauglie og hennar forgjengar Robert Eriksson gjorde same oppfordring nokra år tilbake, men det framstår som om det er lite kjennskap til kva virkning dei har hatt.