Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:131 (2017-2018)
Innlevert: 27.10.2017
Sendt: 27.10.2017
Besvart: 02.11.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan samferdselsministeren stadfeste opplysningane han kom med i Stortinget 25/10-17 om at regjeringa ventar på Kystverket sitt "go" for å gjere beslutning om vidare tiltak for Ubåten utanfor Fedje, eller om det er slik Kystverket skriv på sine nettstader, Kystverket som ventar på regjeringas besltuning om hovedtiltak og vidare tiltak?

Begrunnelse

Samferdelsministeren uttalte i Stortinget 25/10-17 at regjeringa må vente på Kystverket sitt "go" for å gjere beslutning om vidare tiltak for ubåten utanfor Fedje. Kystverket skriv imidlertid på sine nettsider at "sjøbunnen vil være tilstrekkelig stabil for videre tiltak ved utgangen av 2017", og "Kystverket avventer beslutning om hovedtiltak og videre arbeid".
Ei støttefylling måtte etablerast uansett kva vidare miljøtiltak ein skulle velge. Mitt spørsmål har vore kvifor regjeringa ikkje har planlagt vidare tiltak, mens støttefyllinga sette seg. Det er ny informasjon at vidare tiltak er avhengig av støttefyllinga,det er ny informasjon at regjeringa avventar "go" frå Kystverket og det er også i strid med det Kystverket har opplyst om på sine nettsider.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Det viktigaste for regjeringa er å sikre ei miljømessig trygg og forsvarleg handtering av kvikksølvforureininga i og ved vraket av U-864.
Vi vil difor vere sikre på at den støttefyllinga som blei etablert i 2016 har sett seg og fått naudsynt styrke, før vi konkluderer med vidare tiltak.
Som eg informerte om i mitt svar til representanten Kjersti Toppe sitt spørsmål nr. 1524 (2016-2017) for skriftleg svar i august i år om same sak, er det berekna at støttefyllinga og havbotnen under fyllinga må setje seg i halvanna år før havbotnen er so sterk at ein kan starte opp vidare arbeid med miljøtiltak ved vraket. Dette er i tråd med det Kystverket skriv på si Facebook-side om U-864 den 23. juni, nemleg at det er "forventet at sjøbunnen vil være tilstrekkelig stabil for videre tiltak ved utgangen av 2017".
Som eg også har opplyst vert konsolideringa av støttefyllinga monitorert med måleinstrument i fyllinga og havbotnen. Siste planlagde avlesinga er til årsskiftet. Avlesingane av instrumenta fram til no tyder ikkje på at det er noko problem med fyllinga. Men vi vil vere sikre og difor vil vi ikkje setje i verk eit arbeid før vi har resultat frå den siste planlagde avlesinga ved årsskiftet som viser at styrken faktisk er oppnådd og er stabil. Som eg sa i Stortinget sin spørjetime 25. oktober i år:

"Nå skal Kystverket monitorere de tiltakene vi har satt i gang – vi har altså gjort fysiske ting – og så skal vi ta en endelig beslutning når vi ser at dette er stabilt."

Eg kan ikkje sjå at det er noko motsetnad mellom dette og at Kystverket på sin nettstad i ei oversikt over kronologien i saka seier at dei "avventer beslutning om hoveddtiltak og videre arbeid."