Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til statsministeren

Dokument nr. 15:187 (2017-2018)
Innlevert: 03.11.2017
Sendt: 06.11.2017
Besvart: 08.11.2017 av statsminister Erna Solberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Det vart ikkje svara på spørsmålet eg sende den 4. i denne månaden vedkommande manglande journalføring av e-poster.
Derfor spør eg på nytt kva meinar statsministeren om at fiskeriministeren endrar forklaring og har levert ut privat e-post adresse mest sannsynleg for å unngå journalføringskrav og at statssekretæren ikkje journalførde post motteken på privat mailadresse, før pressa slo dette opp?

Begrunnelse

Viser til skriftleg spørsmål av 4.10 d.å. og bakgrunnsinformasjon/grunngjeving der.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Når det gjeld den omtalte enkeltsaka vil eg igjen vise til fiskeriministerens svar på spørsmålet frå representantane Fylkesnes, Bergstø, Lysbakken og Valen. Eg viser også til fiskeriministerens brev til Kontroll- og konstitusjonskomiteen 31. oktober 2017.
Som det framgår av fiskeriministerens svar til komiteen, har han ei privat e-postadresse, som han blant anna har nytta i vervet sitt som nestleiar i Framstegspartiet og som leiar for partiet sin programkomité. Det har han sjølvsagt fullt høve til. Som både fiskeriministeren og eg har sagt tydeleg i dei tidlegare svara våre, vil journalføringsplikta uansett kunne oppstå, uavhengig av kva e-postadresse som blir brukt. Eg kan ikkje sjå at det er haldepunkt for å hevde at adressa er levert ut for å unngå kravet til journalføring.
Fiskeriministeren har gjort greie for e-postane som vart sende til statssekretæren hans, men som ikkje vart journalført med ein gong. Fiskeriministeren har slått fast at journalføringa skulle skjedd då e-postane vart mottekne.