Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:256 (2017-2018)
Innlevert: 15.11.2017
Sendt: 15.11.2017
Rette vedkommende: Utenriksministeren
Besvart: 22.11.2017 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva strategiar har regjeringa for å fremje norske interesser i WTO-forhandlingane og kva har regjeringa gjort fram til no?

Begrunnelse

Dag og tid hadde fredag 6. oktober ein lenger artikkel om dei komande forhandlingane i WTO. Avisa skriv mellom anna følgjande: «neste veke møtest representantar for EU og rundt 40 av landa i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) i Marrakech i Marokko. Der skal dei diskutere kva det kan vere mogleg å kome til semje om på WTO-ministerkonferansen i Buenos Aires i Argentina i desember. [...]
Forventningane til kva som kan kome ut av den komande ministerkonferansen er forsiktige. Møtet kan likevel få ein del å seie for norsk landbrukspolitikk. Fleire land ønskjer å redusere såkalla handelsforstyrrande støtte til landbruket, og per no er det lagt fram to framlegg til avtalar som forpliktar WTO-landa til å kutte i bruken av landbrukssubsidiar. Begge framlegga råkar Noreg hardt.
- Skulle dei gå gjennom, kjem vi til å måtte leggje om jordbrukspolitikken fullstendig. Det kjem til å endre stort sett alt ved den tradisjonelle politikken vår, seier Arne Ivar Sletnes, som er fagsjef for internasjonale spørsmål i Norsk Landbrukssamvirke.
Dag og tid skriv at avtaleframlegget frå EU inneber å avgrense den handelsvridande støtta til ein fast, men enno ikkje fastsett prosent av produksjonsverdien.
Daglig leiar i Agri analyse, Christian Anton Smedshaug, gir i Bondebladet 21. september råd om at Noreg no må sikre norske interesser gjennom å lage eit eige framlegg. I følgje Smedshaug er det avgjerande viktig at det raskt vert kartlagt kva land som vil vere på norsk side i denne saka. Han meiner det er to strategiar Noreg bør velje mellom, enten å finne samarbeidspartnarar som i likskap med oss har interesse av å halde fast på «gul støtte», eller utvide søket til også å gjelde land som ikkje har mulegheit til å gje gul støtte i dag, men som kan tenkje seg å gjere det. «India og Kina har ikke samme fleksibilitet som vi har. Det kan hende de ønsker seg tilsvarende ordninger», seier Smedshaug til Bondebladet.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Trygging og styrking av WTO er Noregs primære handelspolitiske interesse. I førebuingane til ministerkonferansen i Buenos Aires arbeider Noreg derfor aktivt for å medverke til eit samlande og konstruktivt resultat som peikar framover og tar vare på WTO si rolle som det sentrale handelspolitiske forhandlingsforumet. Utsiktene til resultat i Buenos Aires er usikre. Medlemene sine posisjoner står langt frå kvarandre. Det er ikkje venta store framsteg i Buenos Aires. Noreg er blant pådrivarane for eit resultat på fiskerisubsidiar for å hjelpe til å oppfylle berekraftsmål 14.6 om å forby subsidiar som medverkar til overkapasitet og overfiske, og eliminere subsidiar til ulovleg, urapportert og uregulert (UUU) fiske innan 2020. Fram mot Buenos Aires forhandlar medlemslanda særleg om å eliminere subsidiar til UUU-fiske. Det synest lite truleg at ein vil oppnå resultat om kutt i jordbrukssubsidiar i Buenos Aires, men regjeringa tar aktiv del i forhandlingane med høg aktsemd, inkludert saman med andre likesinna medlemer, for å fremje norske interesser.