Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden forklare korleis regjeringa kan hevde at det er mindre enn 38 000 soldatar i Heimevernet, medan Heimevernet sjølv gjentekne gonger har slått fast at Heimevernet har langt over 40 000 soldatar?
Begrunnelse
Under høyringa knytt til Prop. 2 S (2017 – 2018) kom det mykje sterk kritikk av regjeringa sitt forslag til framtidig hær og heimevern - forslaget fleire omtalar som ei svekking av landmakta i Noreg. Mellom anna slår Noregs offisersforbund fast i sitt høyringssvar at «forslaget samlet sett vil medføre en betydelig og vesentlig svekkelse av kampkraften i landmakten.
Like alvorleg er det at mellom andre områdesjefane i HV i Rogaland og Agder meiner Forsvarsdepartementet feilinformerer om talet på HV-soldatar, med vitande og vilje.
Aldrimer.no skriv at områdesjef Knut Aall, på vegne av alle Heimevernets områdesjefar i Rogaland og Agder, tok eit oppgjer med Forsvarsdepartementets handtering av talet på HV-soldatar. Aldrimer.no siterer Aall på at «situasjonen i HV-08 beskriver veldig mye av konsekvensene i landmaktproposisjonen. Hele vedtaket er basert på gale forutsetninger. Vi må avvæpne mer enn 2000 mann. Vi må forlate kraft-, olje- og gassinstallasjoner. Og vanlige Heimevernsområder på Agder er tiltenkt å ha sine primæroppdrag i Finnmark. Det er alvorlige konsekvenser vi ser».
Seinast onsdag 17. august i år fortalte dåverande leiar i Heimevernet, Tor Rune Raabye, at Heimevernet hadde 40.583 soldatar og at justeringa til 38 000 soldater i HV betyr at 2583 HV-soldater må levere inn våpen og utstyr.
Statssekretær Øystein Bø uttalar følgjande til aldrimer.no: «Stortinget er ikke feilinformert. Forsvarsdepartementet forholder seg til de offisielle periodiske rapporteringene i fra Forsvaret. Forsvaret rapporterer per 31. mai 2017, at antallet besatte stillinger i Heimevernet var 37 823. Dette inkluderer både områdestrukturen og innsatsstyrkene».
I langtidsplanen for Forsvaret skreiv regjeringa følgjande: «For å tilpasse områdestrukturen til den reelle situasjonen anbefaler regjeringen en reduksjon fra dagens plantall på 42 000 mannskaper til 35 000 mannskaper innen 2020.» Regjeringa argumenterte under handsaminga av langtidsplanen i fjor med at ein reduksjon i måltalet for HV-soldatar ikkje innebar nokon reduksjon i talet på HV-soldatar. Regjeringa presiserte ikkje må nokon måte i proposisjonen at dei berre snakka om «besatte stillingar». Gjennom det regjeringa skreiv og kommuniserte har ein fått Stortinget med på å fatte ei avgjerd basert på det som framstår som feil informasjon. Når Prop. 2 S no er under handsaming i Utanriks og forsvarskomiteen er det viktig at informasjonen frå Forsvarsdepartementet er korrekt på grunnleggjande element som vil liggje til grunn for vedtaka stortinget skal gjere.