Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:283 (2017-2018)
Innlevert: 16.11.2017
Sendt: 17.11.2017
Besvart: 27.11.2017 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere om spesialisthelsetenesta sine styringsmål for somatiske tenester for 2017 blir innfridd, og kva er faktagrunnlaget per i dag?

Begrunnelse

Følgjande styringsmål er gitt:

Gjennomsnittlig ventetid skal reduserast i alle helseregionar samanlikna med 2016, og alle skal være under 60 dagar i alle regionar.
Ingen fristbrot.
Andelen nye kreftpasientar i pakkeforløp skal vere minst 70 prosent.
Variasjon i effektivitet og kapasitetsutnytting mellom sjukehusa er redusert.
Andelen sjukehusinfeksjonar skal vere mindre enn i 2016.
Minst 20 prosent av pasientane med hjerneinfarkt får trombolysebehandling innan 40 minutt etter innlegging.
Minst 30 prosent av dialysepasientane får heimedialyse.
30 prosent reduksjon i forbruk av breispektra antibiotia i sjukehus i 2020 samanlikna med 2012.