Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:289 (2017-2018) Innlevert: 17.11.2017 Sendt: 17.11.2017 Besvart: 22.11.2017 av statsminister Erna Solberg
Solfrid Lerbrekk (SV): I Stortingets spørjetime 15.11.2017 lanserte statsministeren eit nytt uttrykk: «å sosionomisere». Det var litt vanskeleg å få tak i kva statsministeren eigentleg meinte, men det kunne virke som om meningsinnhaldet var at sosionomar unnskylder bort kriminalitet, dersom det er folk som har det vanskeleg som utfører kriminaliteten. Kan statsministeren beskrive kva ho tror sosionomar gjer på jobb og kva hun legg i uttrykket å «sosionomisere»?
Erna Solberg: I spontanspørjetimen onsdag 15.11.2017 spurde representanten Trine Skei Grande om eg deler hennar uro for den auka ungdomskriminaliteten i bydel Gamle Oslo. Eg svara mellom anna at kvar gong eit område opplever ungdoms- eller gjengkriminalitet og meir organisert kriminalitet, må farelampene på. Politiet, skulane, helsestasjonane, kommunane og dei det gjeld må jobbe saman for å finne løysingane på problema.Som ein del av dette gjer sosionomar eit viktig arbeid retta mot born, unge og deira familiar for å førebyggje, løyse og redusere sosiale problem.Uttrykket eg nytta var lite gjennomtenkt. Eg har stor respekt for arbeidet sosionomar gjer, og skulle valt andre ord.