Nicholas Wilkinson (SV): Kan statsråden begrunne kvifor denne avtalen rundt forprosjektering av det nye beredskapssenteret blei handtert av finansdepartementet, ikkje justisdepartementet, og kan statsråden kommentere påstandane som har vore i media om at denne avtalen ikkje var innanfor regelverket for offentlege anskaffelsar?
Begrunnelse
4. september 2017 skreiv avisa VG om ein kontrakt som blei inngått rundt prosjektleiing av forprosjektet til bygginga av eit nytt beredskapssenter. Kontrakten på 30 millionar blei tildelt gjennom rammeavtale, ikkje gjennom anbod. Spørsmålet er om dette blei gjort i tråd med regelverket. I artikkelen uttaler fleire fagpersonar seg kritisk og det etterlatte inntrykket er at det kan ha skjedd brot på regelverket då kontrakten blei inngått.