Liv Signe Navarsete (Sp): Kan forsvarsministaren forsikra Stortinget om at Kystvaktskipa som no skal skaffast blir utrusta med mest mogleg norsk utstyr og teknologi?
Begrunnelse
Ved handsaminga av Mld.St.9, Nasjonal forsvarsindustriell strategi, var det brei semje om at det skal leggjast stor vekt på satsing på kompetanse innanfor teknologiområde som er viktige delar av våre tryggleiksinteresser. Noreg har store verdiar i store havområde og kystvakta spelar den viktigaste rolla i kontroll, handheving av lov og suverenitetskontroll i desse områda. Funksjonelle og oppdaterte kystvaktskip er difor avgjerande.
I budsjettproposisjonen gjer departementet det klart at ein vil nytta moglegheita EØS -regelverket gir til å atterhalde innkjøpet for norske leverandørar. Grunngjevinga er omsynet til å oppretthalde nasjonal kompetanse og kapasitet til å bygga, rusta og vedlikehalda slike fartøy.
Norsk maritim industri har høg kompetanse på bygging og utrusting av skip som blir brukt i ulike avanserte operasjonar. Val av eit verft er likevel ikkje garanti for at det blir brukt norske underleverandørar.