Hadia Tajik (A): Kva tiltak kjem statsråden å iverksetje for å handsame at det på ein klår invitasjon frå Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil koma nesten 24 000 personar til Norge for å søke asyl i løpet av den nærmaste tida?
Begrunnelse
Eg tek statsråden seriøst. Ho har fleire gonger stått fram med ei oppfatning om at vedtak om auke i kvoteflyktningar fører til øka asyltilstrømning. Ho har mellom anna brukt det som forklaring på migrasjonskrisa i verda, då meir enn 1 million mennesker la på flukt til Europa, hausten 2015. Ho har då peika på at dei vart invitert av Arbeiderpartiet som framforhandla ei auke i talet på flyktningar med fleirtalet på Stortinget. Talet då var 8 000 kvoteflytningar fordelt på 3 år. I 2015 kom meir enn 31 000 av asylsøkere til Norge. I fleire veker mista og Solberg-regjeringa kontroll over Storskoggrensa, trass i at politiet lokalt melde ifrå om at det var naudsynt med fleire ressursar, som dokumentert i Politidirektoratet si eiga evaluering av handsaminga. Med statsråden sin eigen logikk (og den tek eg altså ikkje stilling til her, eg berre legg den til grunn for spørsmålet) kan me då rekne med det no er om lag 24 651 personar som vil føle seg invitert til å kome til Norge, som følgje av budsjettsemja mellom Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre der dei har vald å doble talet på kvoteflyktningar for neste år. Denne doblinga må me anta at sender eit signal til verda.