Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:457 (2017-2018)
Innlevert: 06.12.2017
Sendt: 07.12.2017
Besvart: 14.12.2017 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at Noreg møter NATOs mål/forventingar for den norske hæren som er definert i NATO capability targets 2017?

Begrunnelse

Under debatten i Stortinget tysdag 5. desember om Prop. 2 S (2017–2018) sa statsråden følgjande:

«Denne forsvarsministeren har tenkt å bli stående igjen som den statsråden som forvaltet, ivaretok og forbedret vårt forhold til NATO. Vi baserer forsvarspolitikken vår på forsvarskraften vår, på å være en pålitelig alliert i NATO-alliansen.»

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Noreg er gjennom NATOs forsvarsplanleggingsprosess gitt ei rekke kapabilitetsmål som det er forventa at vi skal implementere og innarbeide i planane våre på enten kort, mellomlang og lang sikt. Det viktigaste kapabilitetsmålet for Hæren er at Brigade Nord frå 2024 skal vere ein tyngre strukturert brigade med tilhøyrande støtteelement.
NATOs kapabilitetsmål og våre eigne nasjonale behov var retningsgivande i arbeidet med utgreiinga av landmakta. Tiltaka som blei behandla i Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018) inneber i all hovudsak at Noreg vil møte dei kapabilitetsmåla som NATO har definert for Hæren.
NATO gjennomfører for tida ein toårig gjennomgang av alle medlemslanda sine bidrag til alliansen og oppfylling av dei kapabilitetsmåla som er gitt. Det vart i november gjennomført bilaterale møte med stabane til NATO. Dei førebelse tilbakemeldingane frå NATO på dei tiltaka som skal gjerast er positive. NATO har tidlegare vore noko kritisk til at ein av bataljonane i Brigade Nord har vore oppsett med lette infanteristyrkar. Med dei endringane som no blir gjort, med fullmekanisering av brigaden, anskaffing av moderne materiell (inkludert luftvern som har vore ein mangel), og ein styrking av beredskapen gjennom nye personellordningar, er det mi vurdering at NATO vil stille seg positiv til utviklinga.
NATOs overordna vurdering av om Noreg møter måla og forventingane til mellom anna Hæren, som er definerte i NATOs kapabilitetsmål, er venta sommaren 2018. Denne vurderinga vil, som ved tidlegare høve, bli omsett til norsk og offentleggjort i budsjettframlegget for 2019.