Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:483 (2017-2018)
Innlevert: 08.12.2017
Sendt: 08.12.2017
Besvart: 15.12.2017 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Viser til svar fra helseministeren datert 1.desember 2017. I kontakt med Ordfører i Odda får jeg bekreftet at Helse Fonna ikke har tatt kontakt med tanke på involvering i oppfølging av Stortingets vedtak om at Odda skal være et akuttsykehus. Kommunene, ansatte ved sykehuset og innbyggere er bekymret når det kuttes ved sykehuset før Stortingets vedtak er gjennomført.
Hva vil helseministeren gjøre for at kommunene snarest blir involvert i arbeidet med utviklingsplanen for akuttsykehus?

Begrunnelse

Odda kommune ved Ordfører har sendt brev til Helse Fonna datert 23.11.2017, der han ber:

"helseføretaket legg særleg vinn på å stetta krava i oppdragsdokumenta og ambisjonane for Odda sjukehus som akuttsjukehus med kirurgi. Det må leggast til rette for aktivitet som understøtter dette. Små lokalsjukehus må føretaka halde særleg fokus på i nedtaksprosessar. Då ein på mange måtar allereie er på eitt minimum bemanning- og funksjonsmessig i høve å ha status som akuttsjukehus. Vi skulle sett at Helse Fonna brukte meir tid på nedtaksprosessar opp mot utviklingsplanen og ha kontakt med kommunane i opptaksområdet før ein gjer vedtak om nedtak."

I Hardanger Folkeblad 8.desember gir, sykepleier ved Odda sjukehus Magnhild Jordal, uttrykk for faglig innvendinger mot de vedtatte sammenslåinger som følge av de økonomiske kuttene.
I behandlingen av Nasjonal helse- og sykehusplan ble det gjennomført omfattende utredningsarbeid over flere år. En hadde forventet at akuttfunksjonen ved Odda sjukehus var godt nok utredet slik at vedtaket til stortinget om å opprettholde Odda som et akuttsykehus kunne bli gjennomført raskt og skapt ro i befolkningen.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Når det gjelder de politiske føringene for arbeidet med utviklingsplanen for Helse Fonna, vil jeg vise til mitt svar til representanten Ruth Grung datert 1. desember 2017.
Helse Vest har sendt meg følgende redegjørelse fra Helse Fonna om arbeidet med utviklingsplanen:

"Helse Fonna HF har ikkje planar om å endre i den akuttkirurgiske beredskapen ved Odda sjukehus. Føringane frå statsråd Bent Høie frå juni 2017 slår mellom anna fast at kirurg/ortoped skal behandle pasientar på skadepoliklinikken, og skal være tilgjengelig for sjukehuset på døgnbasis. Desse føringane blir følgt opp av føretaket, og vil bli omsyntatt i arbeidet med utviklingsplan.
I tråd med Nasjonal helse- og sjukehusplan er det under utarbeiding ein utviklingsplan som gjeld alle sjukehusa i Helse Fonna. Den har mål om å bygge og utvikle pasientens helseteneste innan både medisin, kirurgi og tilbod innan psykisk helsevern på dei ulike sjukehusa i føretaket. Arbeidet med utviklingsplanen starta i haust. Kommunane i Helse Fonna er representert i prosjektgruppa for utviklingsplanen og samhandlingsutvalet i føretaket er referansegruppe for arbeidet. Odda kommune er representert i både prosjektgruppe og referansegruppe.
Kommunane har gjennom områdemøte med Helse Fonna fått informasjon om arbeidet og vil gjennom same fora få høve til å kome med innspel. Administrerande direktør og prosjektleiar for utviklingsplan har invitert ordførarar og rådmann i dei aktuelle Hardangerkommunane til dialog om arbeidet med utviklingsplan i januar 2018. Utviklingsplanen skal etter plan blir styrebehandla I Helse Fonna i juni 2018.
Det har òg vore fleire møte mellom administrasjonen i Helse Fonna og politisk leiing i Odda kommune hausten 2017. I desse møta har administrerande direktør vore tydeleg på at beredskapen skal vidareførast ved Odda sjukehus. Helse Fonna har lagt til rette for at kommunane kan ha interkommunal legevakt inne på sjukehuset og har tilbode kommunen om å leige eller overta sjukeheimsbygget som ligg nært ved sjukehuset for å drive legesenter.
Det blir samstundes arbeidd for å ha trygge og nære helsetenester til innbuarane i Hardanger. Helse Fonna skal både i dag og for framtida tilby spesialiserte medisinske tenester til dei som bur i Hardanger. Det er dei siste åra gjort større investeringar ved sjukehuset for å kunne tilby gode tenester til mellom anna kronisk sjuke pasientar og andre i Odda. I Hardanger er det ein aldrande befolkning og det vil vere viktig å arbeide for at dei helsetenestene som det er størst behov for blir halde og utvikla lokalt. Den medisinske utviklinga gjer at stadig fleire pasientar kan behandlast i poliklinikk i staden for som inneliggjande pasient, dette er ei ønska utvikling. I Helse Fonna er talet på liggjedøgn redusert i 2017, medan talet på behandla pasientar aukar. Utviklinga fører til at det blir ein reduksjon av senger på dei ulike sjukehusa i Helse Fonna. Medarbeidarane kan i auka grad nytte kompetansen i dagbehandling og poliklinikk i staden for sengepost. Dette skjer også ved Odda sjukehus.
Helse Fonna har tidlegare redusert talet på senger i somatikken både ved Haugesund og Stord sjukehus, grunna omlegging til meir poliklinisk og dagkirurgisk verksemd, i tråd med medisinsk utvikling. I samband med budsjett 2018 skal det reduserast med to senger ved Odda sjukehus. Det fører til at den eksisterande medisinske sengeposten, den kirurgiske sengeposten og overvakingseininga blir ein felles sengepost med totalt 14 senger. Denne omlegginga får ikkje konsekvensar for beredskapen. Omlegginga vil gi ein betra oversikt og føre til betre samhandling på tvers i små sjukehus som Odda er. Dyktige medarbeidarar i Odda tar også hand om å svare på legevaktstelefonen i Hardanger og dei har ansvar for to kommunale ø-hjelp senger som diverre har lågt belegg. Odda sjukehus har høgare sengetal pr. tusen innbyggar enn ved dei andre sjukehusa i Helse Fonna. Helseatlas peikar og på at det er høg bruk av sjukehustenester i Hardanger sett opp mot andre kommunar.
Helse Fonna har i dag både planlagd og akutt kirurgisk verksemd i Odda. Det er kirurgar tilgjengeleg ved Odda sjukehus heile døgeret, kvar dag og kvar veke. Dette skal halde fram. Pasientar frå heile føretaket, men også frå Helse Bergen, drar til Odda for mindre kirurgiske inngrep. Dette er ei ønska utvikling."

Med utgangspunkt i denne redegjørelsen er det min vurdering at innretningen av arbeidet med utviklingsplanen for Helse Fonna er i tråd med de politiske føringene.