Hadia Tajik (A): Meiner statsråden at det er ein samanheng mellom det å ha ei laus tilknyting til arbeidslivet, gjennom korte vikariat, eller midlertidige stillingar, og å vere sårbar for trakassering, og kva har ho i så fall tenkt å gjere for å trygge arbeidssituasjonen for dei det gjelder?
Begrunnelse
Svenske tal viser at nesten kvar femte kvinne opplevd seksuell trakassering på jobb. Tala er henta ut av Statistiske Centralbyrån (SCB), etter ynskje frå svensk LO. Spesielt utsett er kvinner med laus tilknytning til arbeidslivet, som til dømes midlertidig ansatte i mellom anna hotell- og restaurantbransjen. Fafo har òg publisert ein rapport om seksuell trakassering i arbeidslivet, som er bygd på ei undersøking med mellom anna Fellesforbundet sine medlemmer i hotell og restaurant og Fagforbundet sine medlemmer i helse og omsorg. Av rapporten framgjekk det at ein av fem av desse svarte at dei har opplevd seksuell trakassering i samband med jobben dei siste tre åra.