Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:575 (2017-2018)
Innlevert: 15.12.2017
Sendt: 18.12.2017
Besvart: 03.01.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er det gjort ei sårbarheits- eller konsekvensanalyse av at Noreg ikkje alt frå 2018 tek ansvaret for motorvedlikehald på nye F-35 fly og overlet dette til Tyrkia dei komande åra, og kva seier i så fall denne analysa?

Begrunnelse

I Prop. 1 S (2017 – 2018) skriv regjeringa følgjande:

«Vedlikeholdskapasiteten for F-35-motoren skal gradvis bygges opp i takt med økende antall operative fly globalt. Partnerskapet forventer at Tyrkia vil etablere Europas første motordepot med en initiell kapasitet i 2018. Tilsvarende forventes det at Norge og Nederland etablerer motordepot to til tre år etter Tyrkia.»

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Då F-35 vart valt som nytt kampfly i 2008, var dette grunngjeve med at det best tilfredsstilte krava til operativ og teknisk yting, og dessutan at det vart vurdert å ha dei lågaste investerings- og levetidskostnadene. Ein viktig faktor for å oppnå dette var at innkjøpet vert gjort gjennom eit fleirnasjonalt partnarskap som etablerer ein felles, global løysing for vedlikehald av flya.
I det fleirnasjonale F-35-partnarskapet er det lagt til grunn eit to-nivå-vedlikehaldskonsept. Skiljet går mellom kva Luftforsvaret skal ivareta på brukarnivå og kva partnarskapet gjennom felles industriløysingar skal ivareta på vegne av kvart enkelt partnarland. Dette inneber at det vert etablert ein felles vedlikehaldskapasitet i regi av partnarskapet for vedlikehald på depotnivå og oppgraderingar av F-35. Denne kapasiteten vert dimensjonert for å ivareta behovet til partnarskapet i fred, krise og krig, der industrien iht. partnarskapsavtala må konkurrera seg til oppdrag. På denne måten vert det oppnått gode og kostnadseffektive løysingar. På brukarnivå vil berre vedlikehaldsoppgåver som vert rekna som kjerneaktivitet eller er kompetansekritiske for Forsvaret gjennomførast. Det er denne vedlikehaldsløysinga Regjeringa Stoltenberg II gjorde reie for gjennom Prop. 73 S (2011-2012). Her legg Regjeringa Stoltenberg II til grunn at effekten av fleirnasjonalt samarbeid skal utnyttast i størst mogleg grad og at den fleirnasjonale logistikkorganisasjonen skal forvalte depotvedlikehald av motor, komponentar og logistikkutstyr. Eit samla Storting gav gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011-2012) tilslutning til ein slik vedlikehaldsløysing.
Når fly- og motordelar for F-35 skal til vedlikehald, vil vedlikehaldsorganisasjonen til partnarskapet sørgja for at delane vert erstatta av ein tilsvarande del, slik at flyet raskast mogleg igjen kan vera operativt. Dette inneber at delen som vert erstatta vil ha eit anna serienummer enn den delen som vert teke ut. Når ein del er teke av flyet for vedlikehald, vil han inngå i den globale reservedelløysinga. Depotet som skal gjennomføra vedlikehaldet, vil såleis ikkje ha noko forhold til kor eller hos kven delen har vore i bruk. Når vedlikehaldet er gjennomført vil vedlikehaldsorganisasjonen til partnarskapen sende delen til ny brukar eller nytt reservedellager.
Materiellflyten er ein del av partnarskapsløysinga og motorar med depotkrevjande vedlikehald som vert teke ut av norske fly vil verta sett i stand på det depotet der det er kapasitet og kompetanse for å gjennomføra vedlikehaldsoppdraget. Avgjerd om kva for eit depot som skal gjennomføre vedlikehaldet vil tas hand om av den sentrale vedlikehaldsorganisasjonen til partnarskapen. Ved å samle kompetanse og spesialutstyr ved regionale verkstader og dessutan å optimalisera ledig kapasitet, vert kostnadene redusert for det enkelte partnarland.
I tråd med det overordna drifts- og vedlikehaldskonseptet for F-35 vil motorvedlikehald på brukarnivå tas hand om av Luftforsvaret på Ørlandet. Motorvedlikehald på depotnivå vil for alle andre regionar enn USA, setjast opp av industriaktørar frå partnarnasjonane. I 2014 vedtok amerikanske styresmakter, etter konkurranse, at Tyrkia skal etablera det første europeiske motordepotet i 2018 og at Nederland og Noreg skal etablera tilsvarande depot 2-3 år seinare. Nederland har offentleg uttalt at dei forventar å ha motordepotet sitt etablert i slutten av 2019 . I Noreg planlegg AIM Norway AS å ha motordepotet sitt etablert i 2020 . Oppdatert tidsplan for etablering av motordepot i Tyrkia er ikkje offentleg. I tillegg disponerer partnarskapet fleire depot i USA og det skal etablerast eit motordepot i Australia, slik at løysinga vert global. Utbyggingstakta for industrien er avstemd med korleis flyaktiviteten i dei enkelte regionane aukar, slik at brukarnasjonane er sikra vedlikehaldskapasitet for flyet sine samstundes som motordepota er sikra tilstrekkeleg arbeidsbelastning til å oppnå lønsemd. Basert på globalt tilgjengeleg motordepotkapasitet og samla flyaktivitet med F-35 i Europa dei næraste årane, vil det ikkje vera arbeidsbelastning nok til at meir enn eitt europeisk motordepot kan operera med lønsemd før om lag 2020 . Då vil flyaktiviteten vera høg nok til å sikra god omsetnad for fleire motordepot.
Kampflyprogrammet gjennomfører jamleg analysar av ulike delar av nyskaffinga. Ein vesentleg analyse som låg til grunn for investeringsavgjersla og som er gjennomført fleire gonger sidan, er antallsanalysen. Antallsanalysen har til føremål å berekna kor mange fly som krevjast for å ha evne til å løysa oppdragsporteføljen for å tilfredsstilla det operative ambisjonsnivået Stortinget gav gjennom Innst. 388 S (2011-20112) jfr. Prop. 73 S (2011-2012). Som del av analysa ligg vedlikehaldsbehovet til flya og kva dette til kvar og ei tid medfører av at flya ikkje er tilgjengelege. Ei effektiv global vedlikehaldsløysing er difor eit vesentleg moment for å kunna avgrense mengda fly til dei 52 kampflya analysen konkluderer med at krevjast. Norsk sårbarhet har difor vore vurdert og er teke omsyn til gjennom valet av vedlikehaldskonsept.
Sammenfatta er det ikkje slik at Noreg overlet motorvedlikehald til Tyrkia. Partnarskapet sin globale forsynings- og vedlikehaldsløysing er organisert slik at delane vil reparerast ved dei depota som har kapasitet og kompetanse, samstundes med at norske F-35 raskast mogleg får nye delar frå det globale reservedellageret. Eg har såleis ingen indikasjon på at det finst nokre utfordringar knytte til vedlikehald av motorar for norske F-35.