Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden gripe inn og sikre ei snarleg løysing for dei nærmare 200 ungdommane som ikkje får norsk godkjenning av sin psykologiutdanning i Ungarn ved ELTE- universitetet?
Begrunnelse
Eit halvt år er gått sidan eit samla storting ba regjeringa finne ei løysing for nærare 200 ungdommar som helsemyndigheitene nektar å godkjenne utdanninga til. Det gjeld ungdommar som vel å reise til Ungarn og ELTE- universitetet. Helsedirektoratet har konkludert med at Ungarn-studentane treng 2,5 års lang ekstrautdanning for å kunne fungere som psykologar i Norge. 15. desember vedtok Statens helsepersonellnemnd at norske psykologikandidatar frå ELTE i Ungarn ikkje fyller vilkåra for autorisasjon eller lisens etter helsepersonellova. Dei legg til grunn i vedtaket at masterutdanninga i psykologi i Ungarn ikkje kan samanliknast med det yrket ein norsk autorisert psykolog kan utøve. Per Andreas Bjørgan, advokat og EØS- ekspert, er sterkt ueinig i konklusjonen til Statens Helsepersonellnemnd( jf. artikkel i Dagbladet, januar 2018), som brukar som grunnleggande premiss for å avvise ei godkjenning av utdanninga, at studentane ikkje har nokon rettar etter EØS- reglane. Med det legg ein til grunn at utdanninga til klinisk psykolog i Ungarn er ei utdanning til eit heilt anna yrke enn klinisk psykolog i Norge.
Spørsmålsstillar meiner det er grunn til å gå kritisk inn i denne premissen som både Helsedirektoratet og Statens helsepersonellnemnd legg til grunn for sitt avslag, og forventar at statsråden og helse- og omsorgsdepartementet føl opp dette snarast mogleg.