Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sørgje for ei ny vurdering av kontorstruktur i Helfo, som ikkje legg opp til ei sterk sentralisering av kontorstruktur, slik at stortingets fleirtalsmerknad i Innst.11 S( 2017-2018), Prop.1 S (2017-2018) vert følgt opp?
Begrunnelse
I helse- og omsorgskomiteens innstilling til statsbudsjett for 2018, viste komiteens fleirtal til at Helfo, på oppdrag frå Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet, har utarbeida ein anbefaling om ny kontorstruktur, I anbefalinga vert desse kontora føreslått lagt ned: Kirkenes, Lenvik, Harstad, Beiarn, Nærøy, Verdal, Gloppen, Bergen, Voss, Kristiansand, Risør, Kongsberg, Eidsvoll, Vågå og Oslo. Kontora i Mo i Rana, Ørsta, Sola, Tønsberg og Fredrikstad vert vidareført. Det same gjeld Orkdal og Brumunddal men desse skal vurderast på nytt i 2020. Fleirtalet meiner at dette er viktige statlege arbeidsplassar som ikkje må sentraliserast, lyder det i merknaden frå fleirtalet.
Forslaget om å ikkje gå vidare med Helfos anbefaling om ny kontorstruktur, fekk ikkje fleirtal.
Slik innstillinga må lesas, er det like fullt eit fleirtal i Stortinget som peikar på at desse viktige statlege arbeidsplassane ikkje må sentraliserast. Denne fleirtalsmerknaden må regjeringa forholda seg til. Sjølv om også Oslo-kontoret er føreslått nedlagt, er det like fullt ei sentralisering når ein vil gå i frå 22 kontor til 5 eller 7.