Kjersti Toppe (Sp): Når vil regjeringa bestemme seg for vidare tiltak for ubåten utanfor Fedje, kva hovudtiltak vil bli vald, og kor lang tid vil det ta før det faktiske arbeidet med enten tildekking av båt, eller heving av last før tildekking av båt, kan starte opp?
Begrunnelse
Viser til at Kystverket på sine nettsider skriv at dei ventar på regjeringas vedtak om hovudtiltak og vidare tiltak for ubåten utanfor Fedje. Kystverket har uttalt at dei reknar med at sjøbotn vil vere tilstrekkelig stabil for vidare tiltak ved utgangen av 2017. Statsråden skriv i svar til stortinget (dokument nr.15:131(2017-2018) at regjeringa vil vere sikker på at den støttefyllinga som blei etablert i 2016 har satt seg og fått naudsynt styrke, før dei konkluderer med vidare tiltak. Spørsmålsstillar er undrande til at regjeringa brukar dette som argument for å ikkje gjere vedtak om hovudtiltak. Dette bidreg til store forseinkingar i arbeidet, i og med at ein enno ikkje veit kva hovudtiltak som regjeringa vil velje. Ein har ikkje kunne brukt tida etter støttefyllinga vart etablert til å førebu dei neste tiltaka. Statsråden viser til at det skulle gjerast ei avlesing av konsolideringa av støttefyllinga ved årsskiftet, som vil vise om styrken faktisk er oppnådd og stabil. Det er viktig for befolkninga ved Fedje å få vite om kva framdrift dei kan vente seg at regjeringa vil sikre i denne saka, og kva alternativ regjeringa vil velje.