Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:688 (2017-2018)
Innlevert: 12.01.2018
Sendt: 15.01.2018
Besvart: 24.01.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva vil det kosta å gjera Noreg bompengefritt frå 1. januar 2019?

Begrunnelse

Det vil seie eit oversyn som syner både kva det vil koste å fjerna bompengegjelda per 31.12.18 samt dekke inn forventa bompengebidrag ut gjeldande NTP-periode.
Det er og ynskjeleg med eit oversyn over kva det vil kosta om ein held prosjekt knytt til forpliktande byavtaler med staten utanfor.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Ved utgangen av 2018 er bompengeselskapa si gjeld knytt til riksvegprosjekt og bypakker venta å utgjere om lag 57 mrd. kr. Gjeld knytt til bompengeprosjekt på fylkesvegnettet er ikkje teken med med unntak av for prosjekt og tiltak som inngår i bypakker. Sidan fleire bompengeselskap har rentesikringsavtalar, vil det vere kostnader knytt til å gå ut av desse avtalane. Det same gjeld bompengeselskapa sine avtalar med eksterne leverandørar om drift av bompengeordningane. Ved avslutning av bompengeprosjekt kjem det også kostnader ved fjerning av bomstasjonsutstyr. Ved ei eventuell avvikling av bompengeinnkrevjinga vil desse kostnadene komme i tillegg.
I Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 er det lagt til grunn i storleiksorden 133 mrd. kr i ekstern finansiering av prosjekt og tiltak på riksvegnettet i løpet av planperioden. Dette er i all hovudsak bompengar. Korrigert for forventa bompengebidrag i 2018 utgjer dette i storleiksorden 125 mrd. kr.
Bompengar til delfinansiering av dei fylkeskommunale kollektivprosjekta der staten skal bidra med inntil 50 pst. av prosjektkostnadene, inngår ikkje i dette overslaget. I inngåtte bymiljø- og byvekstavtalar for Oslo og Akershus, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren har staten forplikta seg til delfinansiering av prosjekta Fornebubanen, Bybanen til Fyllingsdalen, MetroBussen og Bussveien, førebels kostnadsrekna til i storleiksorden 32 mrd. kr. Dersom lokale styresmakter sitt bidrag skal dekkast med bompengar, vil dette utgjere i storleiksorden 16 mrd. kr.
I Nasjonal Transportplan 2018-29 er det ein betydeleg auke i samla ramme til vegformål, og heile auken skjer gjennom statlege midlar, ikkje gjennom vekst i nivået på årlege bompengebidrag slik ein har sett i tidlegare utgåver av NTP. Eg vil elles minne om at regjeringa ved fleire høve har auka dei statlege bidraga i vegprosjekt. Regjeringa har og ved fleire høve fremja forslag om å auka dei statlege bidraga i vegprosjekt som er delvis bompengefinansiert, gjennom ei kompensasjonsordning. Det var fyrst i statsbudsjettet for 2017 at regjeringa oppnådde støtte frå eit fleirtall i Stortinget for ei langsiktig ordning kor over førti bompengeprosjekt skal få årlege statlege løyvingar for å redusere bompengedelen.