Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:703 (2017-2018)
Innlevert: 15.01.2018
Sendt: 15.01.2018
Besvart: 22.01.2018 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Har Arbeids- og velferdsetaten følgt opp at Din Utvikling no tilset sine medarbeidarar i tråd med lovverket, slik statsråden sa i Stortinget 15. desember i fjor at etaten ville gjere, og kva resultat har denne oppfølginga gjeve så langt?

Begrunnelse

Viser til utsegn på Stortinget 15.12.17:

«Jeg forutsetter at alle de kontraktene som Nav inngår med eksterne tiltaksarrangører, er i tråd med lovverket, og at de aktørene som man inngår kontrakt med, oppfyller lovverket når det gjelder ansettelsesforhold. Jeg forutsetter derfor at Din Utvikling nå ansetter sine medarbeidere i tråd med lovverket, og at kontraktene også følges opp fra etaten.»

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Etter at arbeidsmarknadstenestene oppfølging og avklaring vart konkurranseutsett, kom mange nye leverandørar inn på marknaden. Dette er selskap som følgjer hovudstandarden i norsk arbeidsliv med faste tilsetjingar. Selskapet Din Utvikling var eit unntak. Her nytta ein seg og av rettleiarar som sjølvstendige oppdragstakarar.
Sidan spørsmålet om dette var ein lovleg måte å organisere verksemda på, er eit komplisert rettsleg spørsmål, vart eit utgreiingsoppdrage lyst ut av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Utgreiinga frå advokatfirmaet Wiersholm som kom i november i fjor, konkluderte med at rettleiarane slik deira tilknyting til selskapet var organisert, er å oppfatte som arbeidstakarar slik arbeidsmiljølova og andre lovverk definerer dette. Selskapets bruk av sjølvstendige oppdragstakarar var difor i strid med norsk lov.
Det betyr at Arbeids- og velferdsetaten kan krevje at Din Utvikling tilsett rettleiarar og gjev dei status som arbeidstakarar. Din Utvikling har i brev til Arbeids- og velferdsdirektoratet 5. januar i år sagt dei er innstilte på å imøtekome dei krava som vert stilte av Arbeids- og velferdsetaten. Selskapet tek sikte på at rettleiarane vil verte tilsette i selskapet i løpet av 1. kvartal 2018. Selskapet vil og få etablert ein tariffavtale for bedrifta og dei tilsette.
Arbeids- og velferdsdirektoratet følgjer opp dette vidare med Din Utvikling og eventuelle andre leverandørar.