Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:723 (2017-2018)
Innlevert: 17.01.2018
Sendt: 17.01.2018
Besvart: 24.01.2018 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Vil kunnskapsministeren sjå på moglegheitene for å utvide forsøka med seinare skulestart til fleire skular, eventuelt gå inn for å gi føringar for når tidspunkt for skulestart tidlegast bør vera på morgonane på alle skular i landet?

Begrunnelse

Det er velkjent at tenåringar jamt over er endå meir B-menneske enn vaksne. Tidleg skulestart vil derfor vera eit problem for mange ungdommar. Dette er ein periode av livet der desse skal prøve å få eit best mogleg grunnlag både i form av kunnskapar og karakterar for å koma inn på vidare studiar og seinare få plass i arbeidslivet. Forsking frå USA viser at seinare skulestart gir sunnare og flinkare elevar som også er mindre plaga med depresjonar enn andre med skulestart tidlegare om morgonen. Også eit forsøk på fleire skular i Bodø har gode resultat, men den viktigaste grunnen ligg vel i forskinga på døgnrytmen til ungdom, som tilseier at for tidleg skulestart er negativt for veldig mange ungdommar.
Det er eit viktig moment at mange elevar også har lang veg til skulen, noko som gjer at somme må stå opp før kl. 06.30 for å nå fram til skulen i tide. Det er ingen tvil om at somme fylkeskommunar burde endre skyssordninga for elevane slik at mange blir spart for unødvendig lang reiseveg til skulen (grunna omkøyringar for å hente andre elevar). Skulestarttidspunktet i seg sjølv er likevel eit sjølvstendig tema som eg ønskjer at kunnskapsministeren skal orientere om tankane sine om, og då tenkjer eg både på grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det aktuelle tidspunktet for skulestart burde vera om tidlegast om lag kl. 09, ser eg for meg. Ein del ungdomsskular startar i ni-tida allereie, medan det verkar som dei fleste vidaregåande skular startar i åtte-tida.
Somme meiner at «ungdommen må lære seg å stå opp» akkurat når samfunnet krev det av dei. Det er ikkje det denne saka handlar om, ho handlar om at samfunnet bør lære seg å tilpasse skulestart for ungdommane til når det er helsemessig og resultatmessig fornuftig. I arbeidslivet er det innført fleksitid mange stader, då vil A- og B-menneske lettare kunne starte dagen når det er best for dei. Dette er vanskelegare på ein skule, men tidspunkt for skulestart er mogleg å justere til det beste for dei som går på skulen og som skal lære mest mogleg av å gå der.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Kva tid skuledagen på vidaregåande skular skal ta til og slutte er i dag opp til den einskilde fylkeskommunen å bestemme. Det varierer difor frå fylke til fylke kva tid skuledagen startar og sluttar på vidaregåande skuler.
Det finst ikkje reglar verken i lov eller forskrift som fastset når undervisninga i vidaregåande skuler skal starte eller slutte for dagen. For grunnskolen set forskrifta til opplæringslova ytre rammer for skuledagen i grunnskulen når den fastset at undervisninga i regelen ikkje skal starte før klokka 8.00 om morgonen eller slutte seinare enn klokka 15.30. Denne regelen gjeld ikkje for vidaregåande skuler.
Når fylkeskommunen fastset kva tid skuledagen skal starte og kva tid undervisninga skal slutte for dagen, må fylkeskommunen både ta omsyn til behovet til elevane, til dei som arbeider på skulen, transporttilbod og anna. Etter mitt syn er det best at desse vurderingane skjer lokalt, av skuleeigaren i samråd med dei brukargruppene som blir påverka. Eg er positiv til at skuleeigarar og skuler gjennomfører forsøk, men det er ikkje behov for statlege føringar om kva tid skuledagen skal starte eller slutte.