Hadia Tajik (A): Når kan ein rekne med ei avklaring for vidare framdrift og byggjing av nytt Stavanger tinghus, og korleis vurderer statsråden situasjonen for dagens Stavanger Tinghus – og dermed behovet for raskt framdrift for eit nytt?
Begrunnelse
Viser til Innst. 6 S (2017–2018), jfr. Prop. 1 S (2017–2018), der det framgår av fleirtalsmerknaden til Ap, H, Frp og SV at det er viktig at «domstolsregionene som opplever spesielt stor befolknings- og saksvekst, også i fremtiden har tilstrekkelig kvalitet på domstolsbyggene». Viser òg til tidlegare skriftlege spørsmål, frå mellom anna representanten Torstein Tvedt Solberg om framdrift knytta til Stavanger tinghus. Viser òg til brev frå Stavanger tinghus til Justis- og Beredskapsdepartementet av 7.12.2017, der det vert påpeika at rettssalskapasiteten deira har vore sprengd sia 2004.