Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden gjere ei evaluering av omorganiseringa av Arkivverket og legge dette fram for Stortinget, korleis vil statsråden sikre ei anna og meir positiv utvikling av Statsarkiva og deira regionale arbeid og historiefagleg kompetanse, korleis vurderer statsråden magasinkapasiteten, vil statsråden sikre statsarkivaren som reell leiar for statsarkiva og korleis vurderer statsråden opplysningane om at historiefaglege tilsette i Arkivverket ikkje får signere eigne fagartiklar?
Begrunnelse
Viser til Dokument 8:16 S( 2015-2016), Innst.204 S( 2015-2016) om å oppretthalde og styrkje dei åtte regionale statsarkiva som eigne institusjonar og til Dokument 8:139 S( 2016-2017), Innst.484 S( 2016-2017) om å endre omstilling i Arkivverket og styrke de åtte regionale statsarkivene. Viser også til at det er stilt fleire skriftlege spørsmål om omstillinga i Arkivverket frå spørsmålsstillar, men også frå stortingsrepresentant Trine Skei Grande, dokument 15:985(2016-2017), som viser at den nye kulturministeren har hatt eit sterkt engasjement for arkivsektoren .
Spørsmålsstillar er bekymra for at omstillinga i Arkivverket har ført til ei nedbygging av historiefagleg kompetanse i Statsarkiva, at Statsarkiva er svekka slik at dei ikkje lenger kan gjennomføre Arkivverkets sitt ansvar om å bevare, gjere tilgjengelig og formidle arkiv som er avlevert til eller deponert i etaten. Spørsmålsstillar viser til at regjeringa har forsikra Stortinget om at omlegginga i Statsarkivet skulle styrkje statsarkiva, ikkje svekke dei, og at Statsarkivar skulle leie kvart sitt statsarkiv, og ikkje berre vere leiar i tittelen.
Spørsmålsstillar viser til artikkel i Forskarforum 18/1-18, der det kjem fram at frustrasjonen veks blant dei historiefaglege tilsette i Arkivverket. Dei fortel om lite medbestemmelse og lite vekt på historiefagleg kompetanse i leiinga. Dei viser også til at det i avtalen organisasjonane skreiv under på ved omstillinga, vart lova ei evaluering av tilstanden ved statsarkiva etter eit halvt år, og heile omstillinga i etaten skulle bli vurdert etter eitt år. Det har ikkje skjedd. Det kjem og fram ein strid rundt dei nye nettsidene til Arkivverket, der historisk stoff skal presenterast. Leiinga i Arkivverket krev at fagartiklane frå no skal vere usignerte, noko dei tilsette meiner er i strid med åndsverklova og eit hån mot dei som jobbar med klassisk arkiv- og historiefagleg bakgrunn.