Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:753 (2017-2018)
Innlevert: 22.01.2018
Sendt: 22.01.2018
Besvart: 29.01.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil regjeringa legge til grunn Stortinget sin jordbrukspolitikk slik den er nedfelt i Innst. 251 S (2016-2017) for sin jordbrukspolitikk eller vil ein berre leggje til grunn politikken som H, FrP, V og KrF står bak?

Begrunnelse

I regjeringsplattformen vert det berre peika på den semja som H, FrP, V og KrF hadde i innstillinga. Innstillinga inneheld ei rekkje fleirtalsmerknader med kryssande fleirtal med det hovudtrekk at det er fleire merknader der H og FrP ikkje står bak.
For å få oppklara dette vart det gjort eit forsøk i spørjetimen 17.01.18 på å få statsråden til å avklare dette. Eg merka meg at statsråden ga eit svar som er meir eigna til å forvirra enn til å oppklara:
«Utsegna om at statsråden ikkje har tenkt å følgje opp Stortingets vedtak heile tida, er det ikkje grunnlag for. Tvert imot seier vi jo i denne regjeringsplattforma at vi vil basere hovudlinene i landbrukspolitikken på den forståinga som dei fire ikkje-sosialistiske partia stilte seg bak. Dei partia har framleis fleirtal.»
Eg vil ha ei avklaring på om ein legg til grunn fleirtalets politikk i innstillinga utan omsyn til kven som står bak. Så er det skjedd ei politisk endring etter at meldinga vart vedteken nemleg at H, Frp, V ikkje lengre har fleirtal i stortinget.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I stortingsperioden 2013-2017 har Landbruks- og matdepartementet levert ei rekke saker til Stortinget. Desse er primært gjort opp blant dei fire partia som hadde fleirtal og som samarbeidde med basis i ein samarbeidsavtale. Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti.
Ved valet hausten 2017 fekk desse fire partia på nytt fleirtal. Etter at Venstre, gjennom framlegginga av regjeringa si politiske plattform, no kjem inn i regjeringa, styrker dette regjeringa sitt parlamentariske grunnlag. Likevel er regjeringa framleis avhengig av støtte frå minst eitt parti for å etablere fleirtal på saker som skal handsamast i Stortinget.
Regjeringa si politiske plattform baserer seg derfor på det politiske fleirtalet som desse fire partia framleis har. Regjeringa vil naturlegvis likevel følgje med på utviklinga i næringa framover, og ved behov fremme saker for Stortinget som svarer på utfordringar som næringa står ovanfor. Eg vil også kome attende til Stortinget med svar på bestillingar som Stortinget har gjort i perioden vi har bak oss.
Etter valet har Senterpartiet, etter det eg har registrert, varsla at dei vil vere eit konstruktivt opposisjonsparti som vil søke gjennomslag. Eg vonar difor at Senterpartiet i likskap med andre parti på Stortinget, er opne for forslag som løyser utfordringar for landets matprodusentar.