Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til næringsministeren

Dokument nr. 15:779 (2017-2018)
Innlevert: 23.01.2018
Sendt: 24.01.2018
Besvart: 31.01.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kvifor er ei arbeidsgruppe som skulle sjå på vilkåra til verksemder som til dømes SFO, barnehage og kulturhus, lagt til næringsdepartementet - er det slik å forstå at regjeringa meiner at næringsinteressene til desse verksemda er større enn de offentlege, felles interessene dei representerer?

Begrunnelse

Viser til arbeidsgrupperapporten «Like konkurransevilkår for offentlige og private aktører», som vart lagt fram 23.01.18. Arbeidsgruppa er sett ned av Nærings- og fiskeridepartementet, ikkje til dømes Kommunaldepartementet eller Finansdepartementet.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Regjeringa sette sommaren 2016 ned ei ekstern arbeidsgruppe for å sikre ei grundig utgreiing av tiltak for å betre konkurransetilhøva mellom offentlege og private verksemder, samstundes som offentlege oppgåver vert skjerma.
I mandatet vart dette uttrykt slik:
"Formålet med utredningen er å gi norske myndigheter et godt grunnlag for å iverksette tiltak som skal sørge for at reguleringen av økonomisk aktivitet utøvd av staten, fylkeskommuner, kommuner, regionale helseforetak og helseforetak, er i tråd med EØS-avtalens regler om offentlig støtte, og at offentlige og private aktører har like konkurransevilkår. Samtidig er det viktig å sikre at det offentlige er i stand til å løse sine oppgaver på en god og effektiv måte."
Regjeringa fann at Nærings- og fiskeridepartementet skulle leie arbeidet med å sette ned gruppa. Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for lovgjeving og rammevilkår innanfor konkurranseområdet.
I saker om offentleg stønad som overvakingsorganet ESA har sett i verk mot Noreg, er det Nærings- og fiskeridepartementet si oppgåve å koordinere arbeidet mellom departementa.
Ein sentral del av mandatet for arbeidsgruppa var å drøfte problemstillingar i lys av reglane om offentleg stønad i EØS-avtala.
Finansdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vil ha heilt sentrale roller i det vidare arbeidet med forslaga i rapporten.
At Nærings- og fiskeridepartementet sette ned ei arbeidsgruppe som vurderte like konkurransevilkår for offentlege og private verksemder, er difor ikkje eit uttrykk for at regjeringa er meir opptatt av næringsinteressene innanfor velferdstenester enn dei er av dei offentlege, felIes interessene desse tenestene representerer.
Det går fram av rapporten at offentleg finansierte velferdstenester ikkje er omfatta av tiltaka arbeidsgruppa sette fram.