Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:788 (2017-2018)
Innlevert: 24.01.2018
Sendt: 25.01.2018
Besvart: 31.01.2018 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Meiner statsråden at det nye namnet på HiOA, "OsloMet - Storbyuniversitetet" er eit godt namn?

Begrunnelse

HiOA har med knapt fleirtal i styret vedteke å byte namn til "OsloMet - Storbyuniversitetet". Språkrådet har uttalt seg kritisk til namnet fordi det ikkje følgjer norske skrivereglar. I Jeløya-erklæringa slår regjeringa fast at dei vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg og dei to likestilte målformene i norsk. Dette står i kontrast til at ein medvite let ein av dei leiane utdanningsinstitusjonane nytte eit namn som ikkje følgjer skrivereglane til dei offisielle språka vi har i landet.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Spørsmålet er retta til kunnskapsministeren. På grunn av ansvarsdelinga mellom statsrådane i Kunnskapsdepartementet svarar forskings- og høgare utdanningsministeren på spørsmålet.
Namnet OsloMet – storbyuniversitetet vart fastsett av Kongen i statsråd før det vart gjort endringar i regjeringa 17. januar 2018. Dette vedtaket ligg til grunn og eg meiner at det no er viktig å legge til rette for at universitetet kan utvikle seg vidare og halde høg kvalitet som kan gjere det attraktivt som studiestad og arbeidsplass for både norske og utanlandske studentar og forskarar. Eg viser for øvrig til svar på spørsmål nr. 622 og nr. 704 frå stortingsrepresentant Stefan Heggelund.
Regjeringa vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg og dei to likestilte målformene i norsk. Samstundes som høgare utdanningsinstitusjonar skal kunne ha ein internasjonal profil, spelar norske universitet og høgskular ei viktig rolle for norsk språkkultur, og det er lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Det er viktig for meg å understreka dette ansvaret.