Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden liste opp kva som er eldre- og folkehelseminister sitt konstitusjonelle ansvar i regjeringa?
Begrunnelse
Det er uklart kva den nye eldre- og helseministeren har som ansvarsområde i regjeringa. på tross av at stortinget har spurt eldre- og folkehelseministeren direkte. Har til dømes eldreministeren fått ansvar for heile kommunehelsetenesta, eller berre det som har med eldreomsorg å gjere. Kor går i tilfelle denne grensa. Har eldreministeren ansvar for fastlegeordninga, eller er det helseministeren som har det. Mange andre liknande spørsmål kan ein også stille. Ber om ei opplisting av det konstitusjonelle ansvaret.