Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:847 (2017-2018)
Innlevert: 02.02.2018
Sendt: 02.02.2018
Besvart: 09.02.2018 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): I november 2017 slo næringsminister Monica Mæland, i svar på skriftleg spørsmål, fast at ho nytta omgrepet «Vestlandet» om dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Kva fylker meiner kommunalminister Monica Mæland høyrer til Vestlandet?

Begrunnelse

Dette er spørsmål og svar det vert vist til i spørsmålet:
Dokument nr. 15:166 (2017-2018)
Innlevert: 01.11.2017
Sendt: 02.11.2017
Besvart: 08.11.2017 av næringsminister Monica Mæland

Spørsmål
Geir Pollestad (Sp): I reiselivsmeldinga er det fleire stader nytta omgrepet «Vestlandet». Kva geografisk område er det regjeringa meiner med «Vestlandet»?

Svar
Monica Mæland: I reiselivsmeldinga er omgrepet "Vestlandet" nytta om dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Eit geografisk område kjenneteikna av fagre fjell og fjord og tronge vik.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: I reiselivsmeldinga er omgrepet «Vestlandet» nytta om dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Eit geografisk område kjenneteikna av fagre fjell og fjord og tronge vik.
I dag er omgrepet «Vestlandet» nytta om dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regjeringa skal i vår gjere framlegg om endring av lov om forandring av rikets inddelingsnavn. Der vil eg kome med ei tilråding om namn på den nye fylkeskommunen av Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er Stortinget som vedtar namn på dei nye fylka.