Geir Pollestad (Sp): Kva er det som gjer det naudsynt for regjeringa å innføra 1130 kroner i gebyr på folk sin død?
Begrunnelse
Justisdepartementet har sendt på høyring forslag om å innføra gebyr på å utsteda skifte- og uskifteattest og fullmakt ved privat skifte.
I dag er dette gratis. Regjeringa har sendt på høyring framlegg om at dette no skal koste 1130 kroner.
Det vil i fylgje regjeringa råka 35 000 personar årleg.
I praksis er dette ei dødsavgift. Det er ingen grunn til å tru at eit slikt gebyr vil påverke kor mange som vil trenge ein slik attest. Det er med andre ord eit reint tiltak for å dra penger inn til statskassa. Gebyret er likt utan omsyn til betaleren er millionær eller minstepensjonist.