Ingrid Heggø (A): Trygg bustadhandel med redusert konfliktnivå må vera eit mål .Tittelen som takstmann er ubeskytta. Det er ingen formelle krav til takstmannen sin utdanning, ingen krav til innhold i tekniske tilstandsanalysar og ikkje lovregulering av ansvaret. Stortinget har ved fleire høve prøvd å ta tak i dette, men det ser ut til at tiltak let vente på seg.
Vil ministeren innføre ei sertifiserinsordning eller autorisasjonsordning for takstmenn, slik at konfliktnivået går ned og vi får tryggare bustadhandel?
Begrunnelse
i 2015 stemde regjeringspartia ned eit framlegg frå Arbeiderpartiet som gjekk på tryggare bustadhandel, men det vart likevel einstemmig vedteke at regjeringa skulle komme attende til Stortinget med tiltak for å trygge bustadhandelen. Handlinga uteblei og våren 2017 var det Krf som fremja representantforslag og fekk samrøystes vedtak om tiltak for å styrke rettigheitene i handel med bustadar. Eit av punkta var å vurdere å innføre ein autorisasjonsordning for takstmenn og sikre takstmenns uavhengigheit, rolle og tillit i bustadhandelen og ved reklamasjonar. Korrekt teknisk tilstandsvurdering av eigedomar er viktig for forbrukarane. Beslutninger som vert basert på manglande informasjon er ulønsamt og skaper ofte konfliktar. Dagens ordning motiverer til forsikring og ikkje til dokumentasjon.