Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:970 (2017-2018)
Innlevert: 16.02.2018
Sendt: 16.02.2018
Besvart: 23.02.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Vil statsråden setje i verk tiltak slik at statistikkane for gjestedøgn vert meir korrekte og dekkande, og i tilfelle kva tiltak?

Begrunnelse

Delingsøkonomi innan utleige av husvære har vore veksande, og mange privatpersonar leiger ut ledige rom, hytter og hus i tider der dei ikkje nyttar det sjølv. Det er òg mange som driv avgrensa utleigeverksemd som del av anna næring utan at dei er pålagt rapporteringsplikt på tal gjestedøger som følgje av dette. Fleire fylke tildeler midlar til reiselivssatsingar basert på gjestedøgntal, og gjestedøgntal vert òg nytta som argument i mellom samferdselsdebattar. Det er viktig at statistikk som vert publisert er mest mogeleg korrekte og dekkande og inkluderer nye utleigeformer.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: For at overnattingsstatistikken skal fungere som eit felles faktagrunnlag for reiselivsnæringa, er det viktig at flest mogleg av formidlarane av overnattingstenester rapporterer aktivitetane sine til dei nasjonale statistikkbyråa, på ein god og dekkjande måte for verksemda si.
Statistisk Sentralbyrå (SSB) er ansvarleg for overnattingsstatistikken. SSB gjer no eit arbeid for å betre statistikken, mellom anna ved å innlemma ein større del av overnattingane som vert formidla av dei minste aktørane. SSB har også signalisert at dei vil gjera endringar i statistikken for hytteformidling, som for nokre reisemål representerer den viktigaste marknaden for overnatting.
Utanlandsbaserte formidlarar av overnattingstenester, som delingsøkonomiplattformer (Airbnb o.l.) og meir tradisjonelle verksemder, rapporterer ikkje til SSB i dag. Dette har SSB til felles med mange nasjonale statistikkbyrå i Europa. Norge tek difor del i samarbeid på både nordisk og europeisk nivå for å diskutera denne problemstillinga, mellom anna gjennom SSB si deltaking i Eurostat (EU sitt statistikkbyrå).
Finansdepartementet arbeider no med eit framlegg om opplysningsplikt for formidlingsselskap til skattemyndigheitene, og tek sikte på å sende framlegget på vanleg høyring. Dersom nye rapporteringsløysingar for skatteføremål vert etablerte, vil SSB kunne nytte data frå desse kjeldene i sin statistikkproduksjon.
Finansdepartementet har sett ned eit utval som skal gå gjennom den norske statistikklovgivinga. Utvalet skal levere utgreiinga si i mars 2018. I samband med oppfølginga av statistikklovutvalet sitt arbeid vil regjeringa sjå nærare på ulike deler av statistikkregelverket. SSB sin tilgong på naudsynte data er eit av mange spørsmål som truleg vil inngå i denne prosessen.