Skriftlig spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1056 (2017-2018)
Innlevert: 28.02.2018
Sendt: 01.03.2018
Besvart: 08.03.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): Det er i dag krav til at personar over 75 år må ha helseattest for at førarkortet skal vere gyldig.
Kan statsråden syne til dokumentasjon på at dette kravet medfører reduserte ulykkestal der personar i denne gruppa er årsak til ulykka?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Det er aktuelt å vurdere å vidareutvikle dagens reglar om helseattest for førarkort i lys av dagens kunnskap og erfaringar frå andre land, særleg om vi kan gjere det enklare både for dei som har førarkort og for styresmaktene, samstundes som trafikktryggleiken ikkje blir skadelidande.
Aldersgrensa for helseattest blei auka frå 70 til 75 år i 2013 særleg på grunn av betre helse blant eldre. Det er viktig for trafikktryggleiken at dei som køyrer bil oppfyller naudsynte krav til helse. Aldringsprosessen fører til at funksjonar som er viktige for å køyre sikkert, blir svekka og med aukande alder følgjer oftare sjukdom og auka medisinbruk. Hos eldre kan det og vere helsetilstander som kvar for seg ikkje er til hinder for å køyre bil på ein forsvarleg måte, men der summen av tilstandane kan føre til auka risiko.