Ingrid Heggø (A): 15.06.17 stilte Irene Johansen skriftlig spørsmål vedkommande manglande oppfølging på anmodningvedtak 309 i statsbudsjettet for 2017. Der ba Stortinget om ei ordning for å sikre alle som importerer biler til landet, også privatimport, vert omfatta av dei lovpålagde returordningane og bidra til finansiering av desse. Dåverande klima og miljøminister svara at det vart jobba med å finne ei løysing. Det er framleis ikkje komme oppfølging.
Når kan Stortinget forventa eit forslag til løysing?
Begrunnelse
Norge er gjennom EØS avtala forplikta til å ha eit retursystem for bilar. Det følger av avfallsforskrifta at kjøretøy som vert produsert eller vert importeret må vere tilknytta eit slikt system. Det er veldig viktig å få på plass ei ruteordning som omfamnar alle, også importbiler slik at ikkje bilar vert skrota ute i naturen, men på ordna mottak for gjenvinning. Men tida går og handling manglar frå regjeringa si side. Eg viser forøvrig til både spørsmål og grunngjeving frå representanten Irene Johansen og svaret frå dåverande klima- og miljøminister.