Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden ta initiativ til å ein klar strategi i NAV for auka bruk av Inn på tunet som arbeidstreningstiltak, der det er i mykje større grad blir praksis at Inn på tunet- tilbydarar kan inngå direkte og langsikitige avtalar med det lokale NAV-kontoret for å yte arbeidstreningstiltak for personar som fell utanfor utdanning- og arbeidsliv, og kan statsråden gje ei oversikt over kor mange avtalar NAV i dag har med Inn-på tunet gardar fordelt på fylke, og utviklinga siste åra?
Begrunnelse
Spørsmålsstillaren er kjent med at godkjente Inn på tunet garda ofte opplever problem med å oppnå avtalar med NAV om arbeidststreningstiltak. Inn på tunet- gardar kan vere underleverandørar til andre private tiltak som oppnår avtale med NAV. Det er imidlertid eit ynskje at godkjende Inn på tunet tilbydarar får muligheit til å inngå direkte avtalar med NAV om slike tenester.
Det har nyleg komme "Inn på tunet- Nasjonal håndbok for dagaktivitetstilbud tilrettelagt for personer med demens". Det etterlysas ein klarare politikk for auka bruk av Inn på tunet også i arbeidstrening og i NAV.