Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:1108 (2017-2018)
Innlevert: 08.03.2018
Sendt: 08.03.2018
Besvart: 15.03.2018 av olje- og energiminister Terje Søviknes

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Vil statsråden ta initiativ til å revurdere vedtaket om leiteverksemd og petroleumsutvinning i dei tildelte oljeblokkene 10 kilometer frå Smøla?

Begrunnelse

To dagar etter at Jeløya-plattformen slo fast at Mørefelta skulle vere freda for petroleumsverksemd dei kommande fire åra opna OED for oljeverksemd i eit område midt mellom Mørefelta og Sularevet. Miljødirektoratet har i høyringsrunda frårådd oljeaktivitet i desse blokkene, sidan dei ligg i særskilt sårbare område. Kysten av Nord-Møre og Sør-Trøndelag er eit av dei viktigaste områda i landet for havbruk med stor verdiskaping. Denne næringa vil kunne bli særs hardt råka ved ulukker som medfører utslepp av olje i det tildelte området.

Terje Søviknes (FrP)

Svar

Terje Søviknes: Heilt frå petroleumsverksemda i Noreg starta på 1960-talet, har det vore eit viktig mål for myndigheitene å sikra god miljøtilstand og god sameksistens der både petroleum og andre næringar kan utøve si verksemd. Inga petroleumsverksemd blir gjennomførd i Noreg dersom det ikkje kan skje trygt, og slik at naturmiljøet vert tatt i vare. Det blir kravd samtykke eller myndigheitsløyve for all aktivitet, inkludert leiteboring, utbygging, driftsfasen og avslutningsfasen.
Norsk petroleumsverksemd er, og skal vere, fremst i verda når det gjeld å ivareta omsyna til helse, miljø og tryggleik. Noregs leiande posisjon skuldast blant anna den sterke reguleringa frå myndigheitene og at store ressursar er brukt av næringa over mange år.
Dei omtalte blokkene ligg i modne delar av Norskehavet som har vore opna for petroleumsverksemd i fleire tiår. Stortinget opna området for slik verksemd etter at konsekvensane av eventuell petroleumsverksemd var grundig vurdert. Området utanfor Møre-blokkene som representanten spør om, er inkludert i TFO-området og er tilgjengeleg for tildeling av nye utvinningsløyve.
Stortinget handsama spørsmålet om petroleumsverksemd i denne delen av Norskehavet seinast i 2017. Ved behandling av Meld. St. 35 (2016-2017), støtta Stortinget dei rammer for petroleumsverksemd i dette området som blei fastlagd ved behandling av St. meld nr. 37 (2008-2009). Det inneber at det ikkje skal tildelast konsesjonar i områda Mørebankane, Froan/Sularevet og Iverryggen, jf. Innst. 455 S (2016–2017). Dette er etterlevd av regjeringa. Dei aktuelle blokkene ligg utanfor områda kor Stortinget har bestemt at det ikkje skal tildelast nye konsesjonar.
I Jeløya-plattforma stadfesta regjeringa å "ikke iverksette petroleumsvirksomhet ved Jan Mayen, iskanten, Skagerak eller på Mørefeltene i perioden 2017-2021.". Dei aktuelle blokkene ligg utanfor desse områda.
I dei vurderingane som regjering og Storting har gjort i arbeidet med forvaltningsplanen for Norskehavet, er det innført områdebaserte vilkår for å sikre miljøverdiane i området. Desse restriksjonane gjer at det i periodar ikkje er tillate å bore i oljeførande lag av omsyn til hekking, myting og gyting. Formålet med slike vilkår er å unngå risiko for skade på miljøet i tidsrom kor naturressursane kan vere særleg sårbare. Det området spørsmålet gjeld har slike restriksjonar, noko som er reflektert i det konkrete utvinningsløyvet.
Før ein konsesjonsrunde blir kunngjord, blir det gjennomført ei offentleg høyring. Dette gjeld både for nummererte konsesjonsrundar og for TFO-rundar. Ramma for høyringane er nedfelt i Meld. St. nr. 28 (2010-2011), kor det blir lagt føringar for høyringane og kva informasjon ein ber om og som skal takast omsyn til. I høyringsrundane blir det bedt om innspel knytta til om det er tilkome ny, vesentleg informasjon som er relevant for avgjerda om kor det kan vere petroleumsaktivitet etter at den relevante forvaltningsplanen blei handsama. Dette blei også gjort i samanheng med utvidinga av arealet i TFO 2017 kor dei to blokkene blei innlemma i TFO-arealet.
Eg vil konkludera med at det ikkje er grunnlag for å revurdera tildeling av blokker i nærleiken av Smøla i Norskehavet. Området har vore opna for petroleumsverksemd i tiår og vore grundig vurdert av fleire Storting og regjeringar, seinast i 2017.