Tore Storehaug (KrF): Korleis vil statsråden sikre samarbeid med aktørar for å få finansieringsmekanismar for CO2-handtering, og internasjonalt?
Begrunnelse
KS2-rapporten om fullskala fangst, transport og lagring av CO2 blei offentleggjort 2. mars. Rapporten er tydeleg på at fullskalaprosjekt kan bli lønnsame dersom det sikrast at teknologien blir spreidd internasjonalt. Då er det viktig å identifisere aktørar som er villige til å investere i CO2-hanteringsteknologien og sikre gode finansieringsmekanismar for CO2-handtering gjennom internasjonale samarbeidskonstellasjonar. Rapporten seier at "Det synes ikke som om det er inngått konkrete samarbeid med enkeltaktører. OEDs og Gassnovas arbeid har i stor grad vært av "èn-til-mange-karakter", ikke av "èn-til-èn-karakter". Samstundes som KS2-rapporten blei lagt fram har aktørar som svenske Preem starta arbeid med CO2-handtering.