Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1199 (2017-2018)
Innlevert: 19.03.2018
Sendt: 19.03.2018
Besvart: 23.03.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Stortinget gjekk ved handsaming av pelsdyrnæringa inn for skjerpa krav til dyrevelferd i pelsdyrnæringa.
Korleis har Regjeringa fylgt opp desse viktige vedtaka for å betra dyrevelferda i pelsdyrnæringa?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Meld. St. 8 (2016-2017), komitéinnstillinga og Stortinget sine vedtak innebar at krava til dyrevelferd skulle bli skjerpa. Desse dokumenta og vedtaka er følgde opp mellom anna gjennom nye krav i forskrift om hald av pelsdyr som tredde i kraft 1. januar i år, gjennom at næringa på initiativ frå meg har utarbeidd utkast til dyrevelferdsprogram for mink, og gjennom at Mattilsynet er bedne om vurderingar når det gjeld skjul til rev og bruk av nakketang.
På bakgrunn av at regjeringa no arbeider med eit framlegg til ei lov om forbod mot hald av pelsdyr med ein avviklingsperiode for eksisterande produsentar fram til årsskiftet 2024/2025, har eg stansa denne oppfølginga. Eg har difor utarbeidd eit framlegg til ei forskrift som vil reversere dei nye krava i forskrift om hald av pelsdyr, slik at ho vil lyde slik ho gjorde fram til 1. januar i år.
Framlegget om å reversere dei nye krava heng saman med at avveginga mellom kostnader og meirarbeid på den eine sida, og gevinst for dyrevelferda på den andre, blir ei anna dersom næringa skal bli avvikla.
Eg vil informere Stortinget om dette på eigna måte.