Tore Storehaug (KrF): Kva tiltak vil statsråden sette i verk for å hindre gummigranulat frå kunstgrasbanene i Noreg hamnar i havet som forureinande plast?
Begrunnelse
I avfallsmeldinga vedtok stortinget å pålegge oppsamling av gummigranulat frå kunstgrasbaner. Det vil hjelpe på avfallsmengda frå kunstgrasbanene, men vil ikkje vere tilstrekkeleg for å hindre all forureining. Ein reknar med at det kvart år forsvinn vel 3000 tonn gummigranulat frå norske kunsgrasbaner. Samarbeid med fotballklubbane vil kunne sikre tiltak som får effekt, bl.a. vinterdekke på utsida av banene for å hindre at gummigranulat forsvinn under snøsmelting etter måking eller eigen gummipaviljong der spelarane kan skifte sko og strømper.