Skriftlig spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1327 (2017-2018)
Innlevert: 12.04.2018
Sendt: 12.04.2018
Besvart: 17.04.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Nils T. Bjørke (Sp)

Spørsmål

Nils T. Bjørke (Sp): Kan statsråden grunngje kvifor fristen for å søkje om produksjonstilskott i landbruket, 15. mars kvart år, er vorte absolutt og utan moglegheit til å søkje etter fristens utløp?

Begrunnelse

Det er ikkje lenger mogleg å søkje om produksjonstilskott i landbruket etter fristen 15. mars. I tidlegare år har det vore mogleg å søkje om produksjonstilskott, mot at det vart eit trekk på 1000 kroner per dag etter fristens utløp. Det er naturleg at det blir eit trekk i tilskotet når fristen ikkje blir halde, men det verkar urimeleg at det ikkje blir tatt høgde for at noko uforutsett kan skje for den einskilde søkjar og dimed mister moglegheiten til å få produksjonstilskotet.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Fristane for å søkje produksjonstilskott vart bestemt i jordbruksoppgjeret 2016 i samband med førebuingane til etableringa av datasystemet "eStil pt". Partane vart då einige om at søknadsfristane 15. mars og 15. oktober skulle vere absolutte, men at det skulle vere mogleg å endre innsendt søknad i 14 dagar etter søknadsfristen, utan at det skulle få økonomiske konsekvensar for søkjar. Partane slo vidare fast at det fortsatt skulle vere høve til å dispensere frå søknadsfristane i særlige tilfelle, jf. Prp. 133 S (2015-2016).
I dag opnar søknadssystemet om lag to veker før søknadsfristen. Søkjaren har dermed tilstrekkelig tid til å få levert søknaden. Oppdagar bonden at ho eller han til dømes har gløymd å fylle ut opplysningar i søknaden etter at fristen er ute, har han i tillegg ytterlegare 14 dagar på å gjere rettingar før systemet blir lukka. Endringa kan bli gjort utan gebyr. Har noko upårekna komme opp er det òg, som tidlegare, høve til å gje dispensasjon frå fristen. Det er såleis tatt høgde for at noko kan skje den einskilde søkjar i perioden søknadssystemet er opent. På dette viset meiner eg at systemet er fleksibelt og føreseieleg.
Eg vil leggja til at alle føretak som søkte produksjonstilskott førre søknadsomgang får tilsendt ei melding i Altinn i forkant av kvar søknadsperiode (i forkant av 1. mars/1. oktober), der Landbruksdirektoratet informerer om komande søknadsomgang. Det vert samstundes gjeve varsel på sms og/eller e-post om at føretaka har motteke slik informasjon.