Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1339 (2017-2018)
Innlevert: 13.04.2018
Sendt: 13.04.2018
Besvart: 23.04.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden garantera at framdrifta i arbeidet med ny E 39 frå Ålgård og sørover ikkje vert negativt påverka av Rogaland og Vest-Agder si manglande moglegheit til å stilla garanti for prosjektet?

Begrunnelse

Det vert kravd fylkeskommunal garanti når staten byggjer ny statleg veg for bilistane sine pengar. Det har dei siste åra vorte vedteke særs mange nye bompengeprosjekt. Det gjer at fleire fylkeskommunar no har påteke seg garantiansvar for store beløp. Det er uklårt om til dømes Rogaland og Vest-Agder har høve til å stille garanti for ny E39.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Regjeringa jobbar for å redusere bompengebelastninga for bilistane. Det statlege bidraget er auka i ei rekke vegprosjekt, både på vedtakstidspunkt av prosjektet i Stortinget og gjennom tilskotsordninga som nå blir utbetalt i dei årlege budsjetta. I tillegg er det verdt å nemne at bompengeandelen i NTP 2018-29 er lågare enn i NTP 2014-23.
I sum kjem bilistane langt betre ut nå samanlikna med for få år sidan. Det er summen av avgifter (inkl. bompengar) som er vesentleg. Ei rekke bilrelaterte avgifter er redusert. Nå opplever ein at det offentlege bruker meir pengar til vegformål enn det bilistane betalar i bilrelaterte avgifter og bompengar.
Nye Veier skal bygge ny E39 frå Lyngdal i Vest-Agder til Ålgård i Rogaland. Planarbeidet blir gjennomført som statleg plan. Samferdselsdepartementet har no til vurdering Statens vegvesen sitt forslag til planprogram for statleg kommunedelplan for strekninga. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som skal fastsetja planprogrammet. Planprogrammet vil bli fastsett så raskt som mogeleg utan at eg kan gje eit konkret tidspunkt for dette.
Når det gjeld ei eventuell bompengesak for bygging og finansiering av E39 på denne strekninga, vil det ikkje vere mogeleg for meg no å seie noko konkret om når dette kan skje. Dette vil m.a. avhenge av den vidare planlegginga i saka.
Ordninga med å stille fylkeskommunale garantiar for bompengelån har vore ein langvarig etablert praksis, både på fylkes- og riksvegprosjekter. Bakgrunnen er at fylkeskommunal garanti gir legitimitet til den lokale dimensjonen i den norske bompengemodellen, ved at lokale/regionale myndigheiter tar ansvar for finansieringsplanen som blir lagt fram for Stortinget og bidrar med grundige vurderingar av kva for prosjekt som bør prioriterast først. Eg legg til grunn at fylkeskommunane framleis vil vere med å ta ansvar i gjennomføring og framskunding av prosjekt som også har ein lokal og regional funksjon. Og så må vi vurdere realitetane når saka kjem til departementet.