Ingrid Heggø (A): Det er godt dokumentert at regjeringa har gitt dei største skattekutta til dei rikaste menneska i Norge. I NRK i dag viser ein til at nordmenn som tenar over 10 millionar har sidan 2013 fått eit skattekutt som er hundre ganger større enn dei som tenar mellom 150 000 og 250 000. Skattepolitikken til regjeringa aukar forskjellane i Norge og bidreg også til at forskjellane mellom kvinner og menn aukar.
Korleis er kjønsbalansen på dei som tenar over 10 mill. og på dei som tenar mellom 150 000 og 250 000?
Begrunnelse
Det er gjeve hundre ganger meir i skattekutt for dei rikaste i Norge etter at Regjeringa Solberg overtok. Tala eg viser til kom fram på eit skriftlig spørsmål og svar frå finansministeren frå representanten Kari Elisabeth Kaski. Arbeidarpartiet meinar det er sterkt urovekkande at forskjellane i Norge aukar mellom dei som tenar mykje og dei som tenar lite, og at skattekutta kjem til dei rikaste . Korleis skattekutta fordelar seg mellom kvinner og menn vil også vera interessant.