Geir Pollestad (Sp): Mange ynskjer å bidra for å halde naturen fri for plast og anna søppel. Private initiativ for å rydde langs vegane våre er i fylgje Statens Vegvesen ulovleg. Det vert stilt krav om kurs, eksamen, alder og ein må bera kort som syner at ein har ryddeløyve.
Vil statsråden straks rydde opp i dette byråkratiet?
Begrunnelse
I Strandbuen 27. april 2018 kan ein lese at Hjelmeland Bygdaråd har fått beskjed frå Statens Vegvesen om at det er ulovleg å plukke søppel langs offentleg veg utan kurs, eksamen, skiltplan osb.
Noreg har titusenvis av kilometer med veg. Det kan verke som om regelverket er utforma som om dette stort sett er motorvegar. Det er ikkje tilfelle. Det meste er vegar med låg trafikk eller låg fartsgrense.
Ungar og vaksne kan gå og sykle i vegbanen heilt lovleg. Å gå med ein søppelsekk i veggrøfta kan dei altså ikkje.
Senterpartiet trur på ansvarlege mennesker som tek ansvar både for seg sjølv og det lokalsamfunnet. Ryddeaksjonar er eit godt døme på ei slik ansvarskjensle. Det er difor meiningslaust at det vert stogga av byråkrati.
Det er nok også uklart for mange kva reglar som faktisk gjeld. Bruk hode - vi har berre ein klode.