Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1565 (2017-2018)
Innlevert: 11.05.2018
Sendt: 11.05.2018
Besvart: 23.05.2018 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Det siste året har det blitt 2400 fleire statlege arbeidsplassar i dei fire største byane, medan det til samanlikning har blitt 5 færre i eit fylke som Sogn og Fjordane.
Er statsråden nøgd med denne utviklinga?

Begrunnelse

Det har over lenger tid vore eit ønske frå stortingsfleirtalet å sikre ei betre fordeling av statlege arbeidsplassar. Bl.a. har tidelegare budsjettavtalar mellom KrF, Venstre, Høgre og FrP innehaldt avtalar om dette arbeidet, der mange grep blei tatt i kommunereforma. Likevel syner tala sin tale at det blir flest statlege arbeidsplassar i dei store byane, medan distrikta ikkje får ein like stor del. Dette er i strid med ambisjonane og arbeidet som er nemnt her. Det er og grunn til å minne om den gode ambisjonen frå Jeløya-plattforma:

«Lokalisere nye offentlige kompetansearbeidsplasser over hele landet, også utenfor de største byene. Ny statlig virksomhet skal som hovedregel etableres utenfor Oslo.»

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Regjeringa arbeider for ei betre fordeling av statlege arbeidsplassar over heile landet. Dette skal vegast opp mot effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar og ei forsvarleg omstilling for dei som blir berørte. Det er eit mål å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet.
Vi har oppdatert og skjerpa inn retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenester, og la i februar 2017 fram ein plan for lokalisering av statlege arbeidsplasser. Dette ser vi no resultat av. Nærare 900 arbeidsplassar er no flytta ut eller etablerte utanfor Oslo, i samband med plan for lokalisering. Dette er vi nøgde med.
Samstundes er statleg lokaliseringspolitikk eit krevjande og samansett felt, mellom anna fordi ein stor del av den statlege sysselsetjinga er knytt til statlege tenester, som krev nærleik til brukarane. Det er og ein auke i talet på statlege arbeidsplassar innanfor sektorområde som ikkje er ein del av plan for lokalisering, og som heller ikkje er omfatta av retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar. Eit døme er den store veksten i universitets- og høgskulesektoren dei siste åra. Då kjem veksten der institusjonane held til. Det tyder at veksten i statlege arbeidsplassar er høg i byar med universitet og høgskular. Difor veks Trondheim mest, men og mindre byar og stader med høgskular i fylke som Sogn og Fjordane.
Tal frå SSB syner at den statlege sysselsetjinga i dei 4 største byane i 2017 hadde ein auke på 1.606 sysselsette. Eg reknar med at talet 2.400 fleire statlege arbeidsplassar er teken frå eit oppslag i nrk.no. Dette oppslaget bygger på statistikk knytt til talet på lønnstilhøve, som er høgare, fordi enkelte sysselsette har fleire lønnstilhøve. Dette er ein anna statistikk på området, som blei oppretta i 2016, og som difor ikkje eignar seg for å sjå utviklinga tilbake i tid. Tala frå SSB syner og at veksten i statleg sysselsette i dei 4 største byane har vore tallande sidan 2013. Då var veksten på 4.671. Regjeringa vil halde fram arbeidet med å dempe veksten i storbyane, gjennom digitalisering, forenkling og avbyråkratisering. Lokaliseringspolitikk er og eit verkemiddel for å dempe veksten, og betre den regionale balansen.
I Sogn og Fjordane har vi ulike døme på vellukka statleg lokaliseringspolitikk, mellom anna i Leikanger og Førde. Dette er eit arbeid som regjeringa vil føre vidare i dei komande åra, både gjennom å følgje opp Jeløya-plattforma, men og i saker som er knytt til etatar og verksemder i omstilling. Ambisjonen er ein betre regional balanse i fordelinga av statlege arbeidsplassar.