Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:1567 (2017-2018)
Innlevert: 11.05.2018
Sendt: 14.05.2018
Besvart: 16.05.2018 av olje- og energiminister Terje Søviknes

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva ansvar har nettselskap for å levere tilstrekkeleg straum til sine kundar og kva rettar har ein som kunde dersom ein betalar fastavgift for hovudsikringar med ein bestemt leveringskapasitet som nettselskapet ikkje klarer å oppfylle?

Begrunnelse

Underteikna har både direkte og via andre fått urovekkjande opplysningar om at ei rekkje straumkundar i bygder kring om i Noreg betalar for ein hovudsikringskapasitet som ikkje kan nyttast. Trass i at dei betalar fastavgift for hovudsikringar med ein bestemt leveringskapasitet, kjem det attendemeldingar om at mange kundar mottek berre frå 30 til 75 prosent av den straum som dei betalar fastavgift for. Ein brukar fortel at han i 39 år betalte fastavgift for å kunne bruke 18 kw, medan målingar synte at han berre kunne ta ut 6-7 kw. Prøvde han å bruke meir, vart det anten brannar eller øydelagt el-utstyr.
Einskilde straumkundar har fått opplyst at nettselskapa har plikt til å levere straummengda hovudsikringa er dimensjonert for og at selskapa er pliktig til å attendebetale for mykje betalt fastavgift dersom dei ikkje klarer å levere slik mengde. Andre straumkundar har ikkje motteke slik informasjon og har betalt for straum som ikkje er levert. Det er svært viktig at folk i heile landet mottek gode og likeverdige tenester og får korrekt informasjon om sine rettar.

Terje Søviknes (FrP)

Svar

Terje Søviknes: Leveringsplikta i energilova pålegg nettselskapa å levere straum til kundar innanfor det geografiske området som nettselskapet sin konsesjon gjeld for. Av denne leveringsplikta følgjer mellom anna ei plikt til å sikre fullgod leveringskapasitet og -kvalitet. Nettselskapa har som oppgåve å transportere straumen frå der den produserast til der den skal brukast, til lågast muleg kostnad, samstundes som dei tek i vare forsyningstryggleiken. Forsyningstryggleik inneber kraftsystemet si evne til å utan avbrot levere straum av ein gitt kvalitet til sluttbrukarane.
Etter gjeldande forvaltningspraksis har ein nettkunde rett til å ta ut så mykje effekt som kunden sin hovudsikring tillét. Det er nettselskapa sitt ansvar å tilpasse nettanlegga til storleiken på kundane sine hovudsikringar i eit område. Når nettselskapa dimensjonerer nettanlegga, tek dei likevel omsyn til at alle kundane normalt ikkje vil gjere full bruk av sin sikringsstorleik samtidig. Dette er fornuftig for å unngå overinvesteringar og dermed høgare nettleige for kundane. Slike omsyn skal likevel ikkje frita nettselskapet frå krava til spenningskvalitet og kunden sin rett til å kunne nytte heile hovudsikringa si.
Gjennom forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet (leveringskvalitetsforskrift), som vert forvalta av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), er det sett ei rekkje krav til leveringskvalitet for straum. Det følger direkte av leveringskvalitetsforskrifta at det er nettselskapet som har ansvar for å levere elektrisitet av ein kvalitet som er innanfor minimumskrava. Vidare er det stilt krav til korleis nettselskapa skal handsame kundar som tek kontakt om leveringskvalitet. Den som har ansvaret for avbrot, redusert leveringskapasitet eller at spenningskvaliteten ikkje oppfyller dei forskriftsmessige krava, skal utan ugrunna opphald sørgje for å på nytt opprette full forsyning, og eventuelt gjennomføre naudsynte investeringar i nettanlegg eller andre tiltak.
NVE fører tilsyn med nettselskapa, både når det gjeld korleis nettleiga er utforma, rutinane for å registrere og rapportere avbrot og spenningskvalitet og kontroll med nettselskapa sine rutinar for å handsame misnøye med leveringskvalitet.
Ein nettkunde som er misnøgd med leveringskvaliteten, skal første vende seg til nettselskapet sitt. Dersom dette ikkje fører fram, eller kunden ikkje er einig i nettselskapet si avgjerd, kan saka klagast inn for NVE. I klagesaker om leveringskvalitet avgjer NVE, med heimel i energilovforskrifta § 4-10, kven som er ansvarleg for å utbetre det aktuelle tilhøvet. Olje- og energidepartementet er klageinstans for NVE si avgjerd.
NVE tek i slike klagesaker ikkje stilling til privatrettslege spørsmål. Eventuell tilbakebetaling av nettleige til enkeltkundar regulerast av standardavtalar som er forhandla fram av Forbrukerrådet og bransjeorganisasjonen Energi Norge. Innhaldet i desse avtalene er ikkje regulert av NVE, så lenge dei ikkje bryt med energilova eller forskriftene som høyrer til. Tvistar mellom forbrukarar og nettselskap om mellom anna tilbakebetaling av nettleige kan leggjast fram for Elklagenemnda.