Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1596 (2017-2018)
Innlevert: 15.05.2018
Sendt: 16.05.2018
Besvart: 31.05.2018 av finansminister Siv Jensen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Regjeringa føreslår i RNB å innføre ei eiga skatteordning for utanlandske arbeidstakarar som tener opptil 598 050 kr. Desse kan få ein flat skattesats på 25 prosent.
Kva er gjennomsnittleg skattesats og gjennomsnittleg skatt på inntekter på høvesvis 100 000, 200 000, 300 000, 400 000, 500 000 og 598 050 kroner med vanleg skatteordning og kvar er knekkpunktet der gjennomsnittsskatten med vanleg skatteordning typisk passerer 25 prosent?

Begrunnelse

Regjeringa ynskjer å gje utanlandske arbeidstakarar høve til å velje ein enklare og i mange tilfelle gunstigare skattemodell enn norske arbeidstakarar. Ordninga er venta å gje eit provenytap på 50 mill. kroner. Dette overslaget frå departementet føreset at berre 20-25 prosent av dei som vert omfatta av ordninga, faktisk vil velje å bruke den. Det er grunn til å tru at ordninga difor vil ha ganske ulik verknad for dei som vert omfatta, der nokon får høve til betydelege skatteletter medan andre ikkje vil kome betre ut enn i dag. Forslaget går i korte trekk ut på at lønsinntekter vert skattlagt etter ein bruttometode med ein fast sats på 25 prosent. Skattytar får ingen frådrag i skattegrunnlaget. Skatten vert fastsett fortlaupande ved arbeidsgivar sitt trekk og melding til Skatteetaten. Skattytar skal ikkje levere skattemelding for inntekter som vert skattlagt i ordninga.