Tore Storehaug (KrF): Kva vurderingar er gjort rundt nedlegginga av Solbakken asylmottak i Florø, og kva føresetnadar er endra sidan hausten 2017?
Begrunnelse
UDI har varsla at Solbakken asylmottak i Florø skal leggjast ned. Den gangen, som no, vart det her grunngitt i låge asyltilkomstar. Etter eit likt vedtak i 2017 gjorde Justis- og beredskapsdepartementet om på avgjerdsla:
"Grunnet en helhetsvurdering av særlige utfordringer i Flora kommune har Justis- og beredskapsdepartementet som et unntaktstilfelle gitt en instruks til UDI om at driften ved Solbakken asylmottak i Florø skal videreføres."
Florø har eit godt miljø kring mottak, busetjing og opplæring av flyktningar - noko både Fylkesmann og IMDI har framheva. Ut over dette er Solbakken eit kommunalt mottak. I Innst. 479S (2016-2017) gjorde Stortinget vedtak om at "stortinget ber regjeringen iverksette tiltak for å styrke de idelle og kommunale driftsoperatørenes andel i asylmottaket.", nedlegging av Solbakken asylmottak vil gjere at det ikkje er fleire kommunale driftsoperatørar igjen i region Vest.