Geir Pollestad (Sp): Kva er Color Line si konkurranseulempe med å vera registrert NOR framfor DIS i årene 2014, 2015, 2016 og 2017?
Begrunnelse
Det vert i debatten om norske sjøfolk vist til at Color Line si konkurranseulempe med å vera registrert i NOR framfor DIS for 2012 og 2013. Det vert vist til at fartsområdeutvalet innhenta desse tala. Det må då vera mogleg for statsråden å få ut tala for seinare år. Og når ein skal ta ei avgjer i 2018 så må nyare tal vera relevante – særleg når avgjera handler om at det er ei konkurranseulempe å vera registrert i NOR framfor DIS.
Det må også kunne forventast at regjeringa på stortinget kan få ei kvalifisert vurdering av dei tala som er nytta og kva som ligg til grunn for berekninga. Det framstår som underleg at konkurranseulempa i 2013 er heilt lik selskapets underskot i det aktuelle året. Om det er tilfeldig ville det ha vore bra å fått det avklara.