Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:1666 (2017-2018)
Innlevert: 25.05.2018
Sendt: 25.05.2018
Besvart: 04.06.2018 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva vil statsråden gjera for å sikre at alle som ynskjer det får høve til å gå på vinterlandbruksskule?

Begrunnelse

Auka kompetanse er eit viktig verkemiddel for å nå dei måla som er sett for jordbruket. I Rogaland speler vinterlandbruksskulane ei viktig rolle for å styrke kompetansen. Eg har forstått at grensene for kor mange studieplasser som det vert gitt statsstøtte til gjer at ikkje alle som ynskjer det får ta denne utdanninga. Skal ein få til kompetanselyft i jordbruksnæringa så bør ein ha eit tilbod til alle som ynskjer å auka kompetansen.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Det er to vinterlandbruksskolar i Rogaland som er godkjende etter friskolelova. Tal henta inn frå Utdanningsdirektoratet viser at Vinterlandbruksskulen på Jæren er godkjent for 60 elevar på utdanningsprogram for naturbruk, Vg2 landbruk og gartnarnæring og Vg3 landbruk . Dette året har skolen om lag 19 elevar, noko som er litt fleire enn tidlegare år.
Vinterlandbruksskulen i Ryfylke er godkjent for 24 elevar på utdanningsprogram for naturbruk, Vg1 naturbruk og Vg3 landbruk. Dette året har skolen om lag 20 elevar, om lag på same nivå som dei siste åra.
Det vil med andre ord sei at dei to skulane er godkjent for fleire elever enn dei tar inn i dag.
Dei to vinterlandbruksskulane har i dag godkjenning utan særskilt godkjenningsgrunnlag. Det inneber at dei ikkje kan søkje om driftsendringar i form av økt elevtal eller nye utdanningsprogram/programområde. Dersom skolane søkjer og fyller vilkåra i lova, vil dei kunne bli godkjende etter friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav h) vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram.
Eg meiner at tala frå Utdanningsdirektoratet tyder på at godkjenninga frå staten ikkje er til hinder for at skolane kan ta opp fleire elevar.