Skriftlig spørsmål fra Ulf Isak Leirstein (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1750 (2017-2018)
Innlevert: 05.06.2018
Sendt: 05.06.2018
Besvart: 12.06.2018 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Ulf Isak Leirstein (Uav)

Spørsmål

Ulf Isak Leirstein (FrP): Mattilsynet har fremlagt en rapport knyttet til forholdene hos svinebønder i Rogaland, og rapporten har alarmerende funn. Avvik på 166 av 228 undersøkte svinebesetninger, hvor de fleste avvik gjaldt syke eller skadde dyr.
Hva vil statsråden konkret gjøre for å følge opp at dyrevelferden for gris blir bedre?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg fekk tidleg kjennskap til at det var ein del uakseptable funn i tilsynskampanjen med hald av slaktegris i Rogaland. Difor kalla eg inn næringa til møte allereie i februar.
På møtet orienterte næringa om tiltak som var sett i verk for å betre kompetanse og haldningar hjå produsentane. Det vart òg presentert eit dyrevelferdsprogram som heile næringa står bak, og som dei ville sette i verk i slaktegrisproduksjonen. Produsentar som ikkje følgjer krav i dyrevelferdsprogrammet, vil få trekk i slakteoppgjeret og avvika vil bli rapporterte til Mattilsynet. Programmet omfattar mellom anna regelmessige besøk av veterinær, i alt 3.500 veterinærbesøk i året.
Det Mattilsynet har avdekka i sin tilsynskampanje er ikkje akseptabelt. Bønder som ikkje kan ta vare på dyra sine, har vi ikkje plass til i norsk husdyrproduksjon. Eg forventar at svinenæringa no er sitt ansvar bevisst og at dei ryddar opp.
Eg har kalla inn næringa til eit nytt møte for å få ei orientering om framdrifta i dei tiltaka som blir gjennomført i regi av næringa, og om næringa i lys av dei funna Mattilsynet har gjort, vil framskynde arbeidet sitt.