Tore Storehaug (KrF): Kan finansministeren gjere greie for korleis utviklinga i bruken av LNG og LPG har vore etter at fritaket på Co2-avgift ble fjerna, og om provenyet frå den nye avgifta har vore i tråd med forventingane?
Begrunnelse
I statsbudsjettet for 2018 vart avgiftsfritaket på LNG og LPG oppheva. Det er ei bekymring for at dette gir endra operasjonsrutinar, og at skip vel diesel framfor LNG ved nybygg.